Lokal | 22. juli 2020

Mann mistenkt etter brann på venterom

Rykte ut til Os terminal tysdag ettermiddag.

Mann mistenkt etter brann på venterom
Venterommet på Os terminal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2020 07:09

Tysdag klokka 15.46 kom det melding om brann i eit bosspann på venterommet på Os terminal.

– Vi rykte ut saman med brannvesenet. Brannen blei raskt sløkt. Detvar opne flammar i bosspannet, det skal ikkje ha vore så stor fare for spreiing, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

Politiet hadde avhøyr av fleire vitne på staden, blant anna av ein mann som fekk status som mistenkt.

– Vedkomande er i 20-åra og kjent for politiet frå før.

– Erkjente han forholdet?

– Det vil eg venta med å svara på. Avhøyret er gjennomført, men ikkje ferdig skrive.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.