Politi | 27. okt. 2023

Mann mistenkt for å køyra gravemaskin med promille

Politiet tok beslag i førarkort og kompetansebevis.

Mann mistenkt for å køyra gravemaskin med promille
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. okt. 2023 10:05

Fredag formiddag fortel politiet om promillekontroll av maskinførar tidlegare fredag morgon.

– Klokka 07.47 blei ein førar av gravemaskin kontrollert, opplyser Vest politidistrikt på X.

Patruljen køyrde ut 07.14 på eit anna oppdrag, og kontakta vedkomande for å få opplysingar i ei anna sak, då dei oppdaga at det lukta alkohol av vedkomande.

Maskinførar, ein mann i 50-åra, bles til over lovleg verdi og blei tatt med til legevakt for blodprøve.

– Det er tatt beslag i førarkort og kompetansebevis, opplyser politiet.

Politioverbetjent Anne Lyssand fortel at vedkomande ikkje samtykka i beslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.