Lokal | 28. okt. 2019

Mann og kvinne stakk frå rekninga

Drosjesjåfør fekk hjelp av politiet natt til søndag.

Mann og kvinne stakk frå rekninga
Ein drosjesjåfør køyrde til Hagavik utan å få betalt natt til søndag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. okt. 2019 08:47

Søndag klokka 04.38 blei politiet oppringt av ein drosjesjåfør.

– Vedkomande hadde køyrd to personar frå Hagavik, som ikkje gjorde opp for seg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to, ein mann og ei kvinne, ville ikkje betala og stakk frå staden. Om dei no trur at turen blei gratis, tar dei feil.

– Vi har funne ut kven dei er, og det blir sendt rekning frå drosjeselskapet.

Kontrollerte tam og tom fest i Hegglandsdalen

Laurdag hadde politiet fått tips om fest i ungdomshuset i Hegglandsdalen. Det skal ha stått 150 ungdomar frå 17 år og opp på gjestelista.

– Patruljen svingte innom klokka 22.30, for å sjå at alt sto greit til.

– Då var det knappe ti personar der. Vi fekk heller ikkje melding om at det utvikla seg til noko uro utover natta.

Sjekka sju båthavner

Den siste månaden har det vore fleire tjuveri av større påhengsmotorar i Os.

Det gjeld òg andre delar av distriktet.

Natt til søndag var politiet på patrulje i sju båthamner, blant anna Hatvik, Vargavågen og Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.