– Mann skadd i rasfarleg område

ØVING: Brannvesenet i Os og Fana øvde på samkjøring og redning i bratt terreng ved Oselvo.

Spesialgruppa frå Fana, med osingen Rune Fjellberg i midten, på plass for å bistå Os på øvinga i Borgavegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mars 2014 08:41

Bildeserie:

Med båre og tau kom «pasienten» trygt ned. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øving: Skadd mann i rasfarleg område i Borgavegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os brannvesen lokaliserte «den skadde». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannsjef Stein Gjøsund i midten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
25 minutt etter at alarmen gjekk var gruppa frå Fana på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ungdomsskuleelevar på veg rundt Borgabygdo stoppa opp for å sjå på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med båre og tau kom «pasienten» trygt ned. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øving: Skadd mann i rasfarleg område i Borgavegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Tysdag morgon gjekk alarmen i Os.

Øving: Mann skadd i rasfarleg område i Borgavegen.

– Vi ville ha ei samkjøringsøving med Fana og spesialredningeininga deira, med klatrarar, seier brannsjef i Os, Stein Gjøsund.

– Kjører det ein bil utfor i Rødsliane, for eksempel, er dette høgaktuelt. I tillegg har vi ein del nytt mannskap, og det er nyttig både å bli litt kjent og å testa korleis laga våre jobbar saman.

20 klatrarar

Medan Os har redningsdykkarar har Fana eigen spesialeining med klatreutstyr og –kompetane.

– Vi i Fana og brannvesenet i Os har også redning av turgåarar der det kan bli aktuelt å bruka klatreutstyr.

– Vi har fire vaktlag i denne styrken, kvart lag på fem klatrarar, seier utrykkingsleiar frå Fana brannvesen, Jan Inge Wilhelmsen.

Berga ned til Borgavegen

Det var litt over klokka 9 tysdag at øvinga starta. 25 minutt seinare var vaktlaget frå Fana på plass.

I mellomtida hadde Os brannvesen lokalisert og sikra «den skadde», ein person som var lamma i beina og blødde frå hovudet.

Klatrelaget frå Fana kom med tau, sele og båre, og fekk markøren ned frå skråninga ved transformatoren i Borgavegen før samling på Os brannstasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.