Mann smitta av covid-19

Nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. aug. 2020 09:33

For ei veke sidan fortalte kommunen om første covid-19-smitta i Bjørnafjorden sidan 14. april.

To personar i 20-åra hadde blitt smitta på utanlandsreise.

I dag fortel kommunen om nok ein smitta, ein mann i 20-åra.

– Han har vore busett i utlandet det siste året, og blitt smitta der. Kommuneoverlegen har utført smittesporing av nærkontaktar og melder at smitten er under kontroll.

Den smitta og familien hans har alle vore i karantene sidan han kom heim til Noreg førre veke. FHI er varsla i samband med smittesporing på fly.

Totalt blei 16 innbyggarar i Bjørnafjorden kommune smitta i vår, og vi er no oppe i totalt 19 smitta av koronaviruset.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.