Politi | 10. juli 2023

Mann sto og stirra inn i huset

15 rare minutt i Kuvenbakken i natt.

Mann sto og stirra inn i huset
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. juli 2023 09:20

Klokka 00.58 natt til måndag blei politiet oppringt av eit ektepar som reagerte på åtferda til ein mann.

– Dei oppdaga brått at det sto ein mann utanfor vindauget deira og stirra inn. Han sto og stirra i cirka 15 minutt før han gjekk frå staden, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det står ikkje nemt i loggen om dei var i nokon form for dialog med vedkomande.

Paret, som bur i Kuvenbakken, ville ta kontakt med politiet igjen og mannen kom tilbake.

Tidlegare på natta, klokka 00.51, fekk politiet melding om ein full mann som låg og søv i Os sentrum.

Ambulanse overtok oppdraget.

Mistenker ungdom i bil for hasjrøyking

I 20.30-tida fekk politiet melding om fem ungdomar som såg ut til å røyka hasj i ein bil.

Registreringsnummeret på bilen blei notert av meldar, og politiet vil følgja opp i det forebyggande sporet i etterkant.

I 18-tida tok ein mann kontakt med politiet grunna manglande betaling for ei vare han hadde selt på Finn.

– Han hadde selt ein gitarpedal, men kjøpar har ikkje betalt. Seljar kjenner identiteten til kjøpar, og vurderer å melda saka.

Funnen båt var stolen

Søndag fortalte politiet om funn av ein Finnmaster på Halhjem. Båten skal, grunna måten den var fortøydd på, ha sett ut som om den var stolen.

Det var heilt rett.

– Klokka 21.46 søndag kveld tok eigar kontakt. Det viste seg å vera same båt som han sakna.

Båten låg på Drange då den blei stolen.

– Det blei ei lykkeleg gjenforeining!

Politiet har ikkje fått tilbakemelding om at båten er skadd eller at noko utstyr er sakna.

Båt på rek og skadd måse

Klokka 17. 20 søndag ettermiddag fekk politiet melding om ein måse med skadd vinge.

Meldar ville ta måsen til veterinær.

Klokka 17.36 fekk dei melding om ein båt på rek i Korsfjorden. Redningsselskapet overtok oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.