Politi | 28. mars 2023

Mann tatt med kniv, sag og balltre etter krangel på buss

Bussen blei stoppa i Endelausmarka.

Mann tatt med kniv, sag og balltre etter krangel på buss
ENDELAUSMARKA: Bussen var på veg til Os, men måtte stoppa her etter krangel om bord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2023 07:49

Måndag i 19.10-tida fekk politiet melding om verbal krangel og mogleg vald mellom to partar om bord på ein buss med retning Os.

Bussen blei stoppa i Endelausmarka.

– Dei involverte var ein mann i 40-åra og ei kvinne i 30-åra, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Partane blei kontrollerte på staden.

– Ingen av dei framsto som skadde og ingen ville melda kvarandre. Det er uavklart om det blei utøvd nokon form for vald.

Men det blir oppretta sak på mannen, for bering av kniv, sag og balltre på offentleg stad.

I tillegg blei det funne tjuvgods og narkotika på vedkomande.

Begge blei dimitterte på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.