Politi | 25. juli 2021

Mann til angrep på kvinneleg tilsett

Spytta og slo då han ikkje fekk koma inn.

Mann til angrep på kvinneleg tilsett
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juli 2021 06:52

Laurdag kveld klokka 23.22 fekk politiet melding om ein valdsepisode på restauranten Havnechefen i Os sentrum.

– Ein person har slått ein tilsett i ansiktet, opplyser Vest politidistrikt via Twitter.

Politiet rykte ut til staden og fekk kontroll på ein mistenkt.

Etter det Midtsiden kjenner til var det ein kvinneleg tilsett som blei slått og spytta etter.

Ho skal ikkje ha blitt alvorleg skadd, og blei verande på jobb etter hendinga.

Mistenkte blei vist vekk frå restauranten tidlegare på kvelden. Angrepet skjedde då han kom tilbake og blei nekta å koma inn.

Oppdatert:

– Mistenkte er ein mann i 60-åra frå Os, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Han er mistenkt for å ha slått og spyttet på ein tilsett ved restauranten, og for å ha utført vald mot to andre personar.

– Mistenkte blei køyrd til Bergen for overnatting i arrest. Han er meldt for kroppskrenkingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.