Lokal | 18. okt. 2013

Mann truga NAV

Ein mann i 20-åra blei i går tatt av politiet etter å ha retta trugslar mot NAV på Os.

Mann truga NAV
Nav Os. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. okt. 2013 07:32

Torsdag i 16-tida blei politiet kontakta etter at ein mann hadde vore trugande over telefon med ein av dei tilsette på NAV Os.

– Han var ikkje konkret og trugslane var ikkje retta mot ein bestemt person, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet pågreip mannen, som er i 20-åra, og tok han inn til avhøyr.

Han erkjente forholdet og sa at han ikkje hadde plan om å følgja opp trugslane.

Vedkomande er meldt for forholdet og blei dimittert etter avhøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.