Kultur | 26. apr. 2016

Mari fortel om Nils på senioruniversitetet

Måndag står Mari Lyssand på scenen i Oseana for fortelja om mannen bak Ossoga, Os-songen, tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Nils Tveit (1876-1949).

Mari fortel om Nils på senioruniversitetet
Mari Lyssand då ho i 2014 tok 200 år av Ossoga på 12 minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandtirsdag 26. apr. 2016 13:58

I samband med grunnlovsjubileet i 2014 blei Mari Lyssand kontakta av 17. maikomiteen det året med bestillingsverket «Ossoga på cirka 10 minutt».

Mari tok utfordringa og leverte, og på i overkant av 12 minutt fekk dei frammøtte eit innblikk i livet på Os frå 1814 og fram til 2014.

Her kan du sjå video av heile talen frå 17. mai 2014.

– Eg reknar med at det var på grunn av det eg gjorde der at Senioruniversitetet kontakta meg for å halda foredrag om Nils Tveit, seier Mari.

Fekk god hjelp

Mari fortel at sjølv om ho er glad i å lesa Ossoga så hadde ho ikkje noko spisskompetanse på Tveit, men seier at ho kan takka ein spesiell person for mykje av forarbeidet.

– Lars Skorpen held på med ei bok om Nils Tveit som kjem ut seinare i år. Han har vore ute og oppsøkt kjelder og gjort undersøkingar. Då han var ferdig med ein del av boka så var eg så heldig at eg fekk eg det rett i nevane.

Ein travel mann

Foredraget vil handla om Tveit sitt liv og om Os på den tida han levde.

– Mange knyter han til Ossoga og Os-songen, men han var med på veldig mykje meir.

Tveit, som var rosemålar og gardsbrukar frå Hegglandsdalen, var ein særs aktiv man. I 24 år frå 1916 var han ordførar i kommunen og han var vararepresenntant for Venstre på Stortinget frå 1922 og fast representant frå 1945 til han døydde i 1949.

– Det blir veldig kjekt å få fortelja om livet hans. Litt skummelt blir det òg, for det sit veldig mykje kompetanse i salen. Men eg har vore foredragshaldar på senioruniversitet tidlegare, då med Ole Bull som tema, og publikummarane er alltid veldig greie, synest Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.