Ta ordet - Os Gymnas 2019

Maria Haustein vann talekonkurranse

Os Gymnas hadde i dag finale i Ta ordet!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Éin elev frå kvar klasse ved Os Gymnas, stemt fram av medelevane i klassefinale, framførte i dag talen sin i skulefinale i «Ta ordet!».

I juryen sat både lærarar og elevar. 

Årets tema var «glede», talane på gymnaset handla om alt frå miljø og russefeiring til køyreopplæring og bruk av sosiale media.

I videoen over ser du delar av talen til seks finalistar.

Vinnaren blei Maria Haustein frå klasse 3 A.

Ho går vidare til workshop og eventuell finale i Bergen 8. november .

Talekonkurransen Ta ordet! (sjå taordet.no) har fått elevar ved vidaregåande skular til talarstolen sidan 2016. Konkurransen blir arrangert av retorikkgruppa ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Målet er blant anna å inspirera til og styrka elevane si evne til å delta i samfunnsdebatten.

I fjor var det Halvard Brundtland frå Kongshaug Musikkgymnas som vann finalen. Talen hans kan du lesa meir om på BT.no.

 

Fleire saker