Lokal | 09. juli 2017

Marie om ordførarjobben

Marie Bruarøy (H) ser tilbake på eitt halvt år i ordførarstolen. – Det blei ein tøff start med brusaka, men eg fekk vist at eg kan stå i stormen.

Marie om ordførarjobben
I vel eit halvår har Marie Bruarøy (H) sete i ordførarstolen på hjørnekontoret på rådhuset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 09. juli 2017 10:31

Plutseleg måtte varaordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy ta steget opp og erstatte Terje Søviknes (Frp) då han blei utnemnd til olje- og energiminister like før jul.

– Eg visste ingenting før det norske folket gjorde det. Historien er nemleg den at vi hadde hatt familiemiddag og eg hadde skrudd av lyden på mobilen og hadde gløymd det oppi dei daglege gjeremåla med å få ungane i seng på kvelden.

– Det var mannen min som la merke til at telefonen rista og tok den. Då var det mor mi som ringte for å gratulera meg med ny jobb. Først då såg eg at eg hadde tjue ubesvarte anrop frå Terje, smiler Bruarøy.

Fekk dårleg samvet for kollegane

Bruarøy innrømmer at det kom nokre sommarfugler i magen då det blei klart at ho måtte ta over som ordførar.

– Men mest var det at eg umiddelbart fekk dårleg samvet for dei på salongen. Jula er jo den mest hektiske tida i ein frisørsalong. Eg visste jo at eg ikkje kunne kombinera frisørjobben med ordførarjobben, men eg tok kundane som hadde reservert time hos meg ut året.

Kjekk gjeng på rådhuset

Med sju år som varaordførar kjende Bruarøy godt dei tilsette på rådhuset og kanskje spesielt dei som jobbar nærmest politikarane.

– Vi har det kjempegøy på jobb. Det er ei god sfære og ein kjekk gjeng å jobba saman med. Det er ei god dose humor i det daglege arbeidet, ler Bruarøy etter at rådmannen har stukket hovudet inn døra for å gje ein beskjed, levert med ein vittig kommentar.

– Men det er klart eg kjenner av og til på den totale omveltninga det var å bli ordførar og skulle ha det overordna ansvaret. Då er det godt å ha dyktige medarbeidarar rundt seg.

Fekk ein tøff start

Det gjekk ikkje lang tid før Bruarøy skulle få testa seg sjølv, då ho skulle lose kommunestyret gjennom saka kor kommunen skulle gje si uttale til E39 Stord-Os og brua over Bjørnafjorden. Eit voldsomt engasjement med fakkeltog og ei rekkje lesarinnlegg danna opptakta til møtet.

– Det er klart det blei ein krevande start med brusaka, men eg fekk vist at eg klarer å stå i stormen. ikkje minst ovanfor meg sjølv. Eg har heldigvis opparbeid meg ein evne over tid å leggja vekk ting, når eg ikkje er på jobb. Det er ikkje sikkert mannen min er heilt eining, men eg trur eg er flink til å ikkje ta saker på jobben med meg heim når eg skal vera med familien.

Blei stemt fram

Marie Bruarøy kom inn i lokalpolitikken allereie i 2003.

– Då var eg listefyll på høgre si liste og sto på 23 plass, men velgjarane ville det annerleis og stemte meg opp på 6. plass. Dermed fekk eg varaplass til kommunestyret og fast plass i arbeidsmiljøutvalet som då hadde politisk representasjon. Det var ein kjekk plass å byrje for eg lærte heile kommunen å kjenne som arbeidsplass, noko som er ein fin balast å ha med seg no som ordførar.

Kjekkast å møte folk

Som frisør er Marie Bruarøy vant med å møte folk.

– Eg liker å møte folk. For meg er kvar og ein like mykje vert. Det er noko eg har med meg frå salongen. Alle kundane er like viktige. Slik er det som ordførar også. Det å innimellom ha tid til å vitje einingane og treffe folka som jobber der har vore både kjekt og lærerikt. Tilbakemeldingane frå folk er at dei opplever at dei blir sett. Eg er spesielt imponert over det dei har fått til på Vartun med Livskvalitetgjengen. Det gjer meg glad.

Må spele på lag

Det står ein krevande haust framfor ordføraren, kanskje spesielt med det arbeidet som skal gjerast med å slå Os og Fusa kommunar saman.

– Fram til no har styringsgruppa hatt ansvaret. I august skal vi opprette fellesnemnda som skal ta det vidare. Ein ting vi har lært frå dei som har vore gjennom dette tidlegare er at det meste går seg til berre ein får til trepartssamarbeidet kor politikarar, administrasjon og dei tillitsvalde speler på same lag. Det har vi vore gode på i Os og det håper og trur eg vi skal få til også i denne prosessen. Det er ekstremt viktig.

Har kjøpt salongen

Om stortingsvalet og det at Terje Søviknes kan komma tilbake som ordførar tek ho med storisk ro.

– Det har eg eit avslappa forhold til. Eg veit jo at denne posisjonen berre er på låns. Dessuten har eg ein jobb å komma tilbake til. Eg overtok eigerskapet for frisørsalongen frå Guri Bugge tidlegare i vinter, fortel Buarøy som avsluttar med å gje honnør til politiske med- og motstandarar.

– Vi har eit godt klima i det politiske miljøet. Det er noko av det som gjer jobben så givande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.