Kultur | 08. juni 2017

Marius skal spela for Sting

Når Sting og Wayne Shorter neste veke mottar Polarprisen får dei høyra sine eigne låtar på saksofon frå Os.

Marius skal spela for Sting
Marius Neset, her med den ferske ECHO-prisen under armen, skal spela ein av Sting sine låtar, for Sting, i Stockholm neste veke. (Foto: Markus Næss/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. juni 2017 07:15

Når 65 år gamle Sting og 83 år gamle Wayne Shorter mottar Polarprisen i Stockholm 15. juni står det fleire stjerner på scenen for å tolka låtane deira.

Blant desse er Gregory Porter, Ane Brun og Marius Neset.

– Wayne Shorter er ein av dei tre største gjenlevande jazzlegendene i verda, og eit av mine største forbilde. Eg er òg stor fan av Sting, han er ein som har gjeve meg mykje inspirasjon, seier Marius til Midtsiden.

Polarprisutdelinga er i Konserthuset i Stockholm og held fram med bankett i Vinterträdgården på Grand Hotel. Banketten blir direktesendt på TV4.

– Eg skal spela både ei Sting-låt og ei Shorter-låt solo, akkompagnert av Stockholm Filharmoniske Orkester. Eg har spelt med dette orkesteret før og reiser til Stockholm måndag for å øva litt før prisutdelinga. Eg gler meg veldig!

Prisen og prisvinnarane

Som solo rockeartist er Sting (Gordon Matthew Thomas Sumner) kjent for låtar som «Englishman in New York» og «Fields of Gold», med The Police (1977 - 1986) er han kjent for blant anna «Every Breath You Take» og «Roxanne». Sting har mottatt 16 Grammy Awards. Sting starta si musikalske karriere som jazzmusikar.

Wayne Shorter er ein amerikansk jazzsaksofonist og komponist. Han har vunne 10 Grammy og blir av The New York Times skildra som «probably jazz's greatest living small-group composer and a contender for greatest living improviser».

Polarprisen blir kvart år delt ut til to vinnarar, éin frå det klassiske feltet og éin frå ein annan sjanger.

Prisen er på ein million svenske kroner.

Polarprisen blei innstifta i 1989, på initiativ av plateprodusenten Stig «Stikkan» Anderson (1931–97), kjent blant anna som produsenten bak ABBA - og delt ut første gong i 1992. Det er Kungliga Musikaliska Akademien som deler ut prisen.

Blant tidlegare mottakarar av Polarprisen finn vi namn som Elton John, Led Zeppelin, Bob Dylan og Pink Floyd.

Les meir på polarmusicprize.org.

Aukande merksemd for «svindyrt» album

Tidlegare i vår blei Marius Neset og London Sinfonietta tildelt den prestisjetunge ECHO-prisen, også kalla «Tysklands svar på Grammy», for albumet «Snowmelt».

– Dette er nok, spesielt med tanke på kven dei andre nominerte var, den gjevaste prisen eg har mottatt, seier Neset.

Han gler seg, og undrast litt, over at han opplever at merksemda for dette albumet framleis aukar.

– Snowmelt skil seg frå tidlegare album blant anna ved at det var eit svært omfattande arbeid å laga plata, både i tid og i mengda med detaljar. Samtidig var det ei stor oppleving, ikkje minst det å spela inn i fantastiske Air Studio i England, der var det verdsklasse i alle ledd. Det blei eit svindyrt album å produsera, men ein fantastisk prosess, og heldigvis eit album som fleire set pris på.

– Resultatet blei som ei blanding av klassisk og jazz. Å landa mellom desse sjangrane kan vera risikofylt, «blir det for mykje klassisk for jazzpublikumet eller for mykje improvisasjon for dei som liker klassisk»?

– Eg er ikkje opptatt av å setja musikk i sjanger, eg lager berre musikk, så får det bli den sjangeren det blir. No ser det ut til å ha gått bra, og det er kanskje det klassiske miljøet som no har oppdaga albumet. Det kjem ein del førespurnadar frå det klassiske miljøet om dagen, og det ser ut som om albumet vil vera hot i ei god stund framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.