Kultur | 08. mai 2019

Markering i Minneparken og Vognhallen

Sånn blei frigjeringsdagen og veterandagen markert i Os sentrum.

Markering i Minneparken og Vognhallen
Knut Marius Prestvold heldt dagens tale i Minneparken. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 08. mai 2019 21:03

Bildeserie:

Os skulekorps marsjerte frå rådhuset til Minneparken. (Foto: KOG)

Trass i eit utfordrande vêr møtte folk opp til markeringa.  (Foto: KOG)

Varaordførar Marie L. Bruarøy leidde markeringa.  (Foto: KOG)

«Til Ungdommen» nydeleg framført av tre elevar ved Bjørnafjorden kulturskule.  (Foto: KOG)

8. mai-markering i Minneparken.  (Foto: KOG)

Arleen Grimsland Irons la ned krans på vegne av dei pårørande.  (Foto: KOG)

Krans ved Frivilligmonumentet. (Foto: KOG)

1. Os KFUK-KFUM speidarar la ned kransar på kyrkjegarden. (Foto: KOG)

Samling i Vognhallen etter markeringa i Minneparken. (Foto: KOG)

Anders Lekven nytta høvet til å takka Os kommune for at dei markerer 8. mai, og han heidra samstundes veteranane. (Foto: KOG)

Næraste nabo til Minneparken, Oddvar Lyssand, fekk takk for å syta for straum til arrangementet kvart år. (Foto: KOG)

1 av 16

– Eg er ingen krigsveteran, men eg gammel nok til å vera det. Nesten.

– No sit eg heime og mimrar over det livet eg har levd og dei dagane eg har opplevd.

– I dag vil eg helst snakka om fornying i staden for om krigen, som er historie.

Slik opna dagens hovudtalar, Knut Magnus Prestvold, si tale under markeringa av frigjeringsdagen og veterandagen i Minneparken.

Imponerande i utfordrande vêr

For kultureininga i Os kommune, som er arrangør av markeringa, må det ha vore trasig å oppleva at dei mørke skyene som hang over Os meir eller mindre rakna i det klokka slo 11.

Dei første 10 minutta av den viktige markeringa vart sjølvsagt prega av vinden, regnet og sluddet, som gjorde sitt beste for å forstyrra både publikum og arrangørar.

Leia av ein stødig, men sikkert kald varaordførar, Marie L. Bruarøy stod markeringa imot det utfordrande vêret.

Når ikkje ein einaste av dei frammøtte tok beina fatt og søkte ein tørrare plass å vera, fortel det noko om kva denne årlege markeinga betyr.

Dei to soldatane frå Sjøforsvaret som var flaggvakt, sto urørlege og staute gjennom dei 30 kalde og våte minutta arrangementa varte.

Til ungdommen - til livet

Det er tradisjon at Nordahl Grieg sin tekst «Til Ungdommen» vert framført som ein del av markeringa i Minneparken.

I år hadde det ærefulle oppdraget gått til tre elevar frå Bjørnafjorden Kulturskule; Oda Rådmannsøy Lunde, Pernille Fimreite og Alida Lyssand. Dei vart akkompagnerte av Knut Vidar Garlid på piano.

Dagens tale var ved Knut Marius Prestvold.

Det som kanskje byrja som ei utradisjonell 8. maitale, kor han tok føre seg livet frå fødsel, skulegang og utfordringar, peilte Prestvold på godt vis inn i årsaka til kvifor vi var samla i Minneparken i dag;

– Målet er fridom for land og folk.

Prestvold snakka vidare om historiene som ligg bak dei ulike namna på minneplakettane bak han. Frå dei dramatiske april-dagane på Voss i 1940 til andre som fall dei fem åra Noreg var under tysk okkupasjon.

– Eg fekk sjølv vera med å feira fridomen i maidagane i 1945, og håper den oppveksande slekt får behalda denne fridomen. Men skulle det igjen blussa opp, håper eg det same samhaldet vi hadde under krigen vil bestå.

Prestvold avslutta talen med å be om eitt minutts stillheit for å hedra minnet til dei som gav livet sitt for at Noreg skulle vera eit fritt land.

Etter blome- og kransnedlegging avslutta 3. trinn ved Os barneskule markeringa med å syngja «Mellom bakkar og berg» og «Herlege jord».

We're hounored

Etter at markeringa var ferdig i Minneparken var det ope for dei som ville det, å vera med på ei enkel samling i Vognahallen.

Os kommune sytte for kaffi, snittar og kvit dame, og det var høve for dei som ville det å seia nokre ord.

Blant dei som la ned blomar og kransar i dag, var det to som hadde reist langt for å få vera med på dette; Arleen Grimsland Irons og Barbara Hansen Andersen bur begge i USA, men er slektningar av Ole Kobbeltvedt som fall på Voss i aprildagane 1940.

Dei fortel at trass i vêret var det ei fin opppleving å få vera med i Minneparken;

– Det er veldig spesielt for oss å få koma hit og heidra Ole på denne måten, og vi føler oppdraget i dag var ei ære.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.