Næringsliv | 21. mars 2010

Markerte misnøye

Sjøfront-nabo flagga på halv stong under vising. - Det er no det minste eg kunne gjera, seier Olav Horvik.

Markerte misnøye
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mars 2010 21:38

Fram til og med kommunestyret i desember 2008 godkjente reguleringsplanen til Os Sjøfront var naboar i Kolabakkane og Midtskogen Vel kritiske til det dei meiner er eit overdimensjonert byggeprosjekt. At planane blei redusert frå 29 til 23 meter i høgd var ikkje nok, i alle fall ikkje for ein som blir svært nær nabo til dei nye, fem etasjar høge blokkene, Olav Horvik.

- Vi engasjerte oss litt, men ikkje nok, før det var for seint. Å markera misnøye ved å flagga på halv stong i dag var det minste eg kunne gjera, seier Horvik, som har budd i Kolabakkane sidan han bygde huset sitt i 1971.

- Altanen min ligg på 24 meters høgd, bygningane framfor her kjem til å ligga som ein linjal utover horisonten.

Fleire stunt kan koma
Om han har lov til å bruka det norske flagget til å visa misnøye veit han ikkje, men Olav fryktar ikkje reaksjonar på dagens stunt.

- Tanken svevde meg, men er det ulovleg så får eg heller ta den straffa som kjem, seier han.

Midtsiden.no har ikkje funne noko i Lov om Norges Flag, eller andre stadar, som tyder på at Horvik har gjort noko ulovleg.

- Var dette eit siste teikn på misnøye frå nabolaget eller har du meir på lur?

- Eg har nokre andre stunt på blokka, men dei får du ikkje veta om enno, seier den misnøgde naboen.

- Heller sjukehus enn sjøfront
Det er først og fremst Framstegspartiet Horvik er kritisk til.

- Dei skal vera eit parti for den vanlege mann, men gjer slike overgrep mot enkeltmenneske. Og eg tenkjer ikkje berre på oss naboar, men på oss i Os som er glade i naturen, som no får noko som eg trur blir mykje større enn nokon av oss har sett for seg.

- Hadde det vore noko for ålmenta, eit sjukehus eller liknande, og tomta var einaste moglege plassering - ja, då skulle eg ikkje sagt noko. Men her er det som i Israel, dei går på møte og gjer alt etter boka, dei kan reglane så godt at dei får ryggen fri til å gjera akkurat det som passar dei, seier Olav Horvik om det politiske fleirtalet i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.