Torsdag formiddag starta marknadsdagane i Os sentrum.
– Vi var heldige med vêret og oppmøtet både på Vårsleppet i april og den nystarta Torgfestivalen i slutten av mai. No ser det ut som om vi må tola litt gråvêr desse dagane, men det skal heldigvis ikkje koma så mykje nedbør, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.
20 butikkar har flytta delar av utvalet ut i gatene og 40 tilreisande utstillarar er med på å skapa livlege forsommardagar på Osøyro.
Tok hagemøblar med over brua
Nokre er heilt nye, som Team Jarle Nytræ frå CircleX. Han stiller ut med laget, lastebilen og supercaren sin fredag og laurdag. Ein annan som er ny, som stiller ut alle dagane, er Jysk.
– Då William gjorde ein innsats for å få oss aust om elvo med på marknadsdagane, takk vi ja, seier Fredrik Andresen.
Han overtok som butikksjef for eit halvt år sidan og stiller ut både med toppmodellar og rimelegare varer innan hagemøblar, i tillegg til hagebasseng og nokre leikar.
– Desse toppmodellane er varer folk har venta seks veker på. No har vi fått inn litt på lager og køyrer sal, seier Fredrik.
Andre som sel møblar og blomsterkassar er Vartun sine nevenyttige karar frå Livskvalitet-prosjektet.
– Alt er handlaga, og det vi ikkje har ferdigprodusert kan bestillast. Vi lager også ting på mål, seier Emil.
Er du sterkare enn Aylar Lie?
På Sprek og Blid sin stand kan du både få informasjon og treningstilboda og vinna premiar ved å visa kor sterk du er.
– Folk kan ro 500 meter på romaskin, noko som oftast er unnagjort på rundt to minutt, og dei kan halda vekter ut i vannrett posisjon og sjå kor lenge dei klarer å halda dei, seier personleg trenar Veslemøy Lekven Moberg.
– Vektene veg omtrent like mykje som melkespanna på Farmen, så her har dei Aylar Lie sin rekord på Farmen (8,27 minutt) å strekka seg etter.
Andeslepp, auksjon og moteshow
Marknadsdagane held fram til og med laurdag.
– Det blir òg noko underhaldning og aktivitetar, som moteshow og auksjonen til S. Tvedt.
– Det er òg kjekt at Os Turn si handballgruppe køyrer sitt årlege andeslepp under marknadsdagane i år, seier William.
I Andesleppet er rundt 1000 små og nummererte ender på førehand selt som lodd. Anda som kjem raskast ned Oselvo avgjer kven som vinn hovudpremien, mens det er yttarlegare 14 premiar å kjempa om.