Lokal | 22. apr. 2012

Marsj i strålande sol

Bildeserie: Etter ein litt overskya laurdag med "få" deltakar skinte sola og deltakartalet på Ulvenmarsjen opp sundag.

Marsj i strålande sol
Veninnene Karina og Emily på 11 gjekk Ulvenmarsjen for åttande og første gong (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 22. apr. 2012 14:48

Bildeserie:

Far og datter Sælen tok marsjen som ei treningsøkt (foto: AH)
Far og datter Sælen tok marsjen som ei treningsøkt (foto: AH)
Mange ville ha seg ein appelsinbit ved Nore Neset skule... (foto: AH)
Mange ville ha seg ein appelsinbit ved Nore Neset skule... (foto: AH)
...eller eit glas med saft for å fylle på energien (foto: AH)
...eller eit glas med saft for å fylle på energien (foto: AH)
Sundag hadde flest deltakarar, men det var også ein del som gjekk laurdag. (Foto: KVB)
Sundag hadde flest deltakarar, men det var også ein del som gjekk laurdag. (Foto: KVB)
Camilla og Bård Moberg hadde med seg Maren (2) og Jørgen Aleksander (10 mndr). (Foto: KVB)
Camilla og Bård Moberg hadde med seg Maren (2) og Jørgen Aleksander (10 mndr). (Foto: KVB)
Lars Rune Moberg, Linn Terese og Jarle Mjånes med barn. (Foto: KVB)
Lars Rune Moberg, Linn Terese og Jarle Mjånes med barn. (Foto: KVB)
Pedersen, Bruarøy og Hodneland med følgje, nokre av dei for 23. år på rad. (Foto: KVB)
Pedersen, Bruarøy og Hodneland med følgje, nokre av dei for 23. år på rad. (Foto: KVB)
Mange gjekk marsj i helga, andre jobba i hagen ...(Foto: KVB)
Mange gjekk marsj i helga, andre jobba i hagen ...(Foto: KVB)
Oppgåvene var nok vanskelegare i år enn tidlegare (foto: AH)
Oppgåvene var nok vanskelegare i år enn tidlegare (foto: AH)
Joakim Sælen persa med 7 minutt på 15 km i dag (foto: Privat)
Joakim Sælen persa med 7 minutt på 15 km i dag (foto: Privat)
1 av 10

"Berre" 157 deltakarar laurdag gjorde at arrangørane var litt uroa for korleis dette ville gå før sundagens marsj.

- Folk har nok truleg sett på vêrmeldingane og utsatt deltakinga til sundag.

- Vi blei litt urolege når det ikkje var fleire en 157 som tok turen laurdag, men det hadde vi ingen grunn til, slår Erling Andersen i arrangørklubben Søfteland Turn og Idrettsforening fast.

Då midtsiden snakka med han omlag klokka ett søndag hadde dei sendt 429 deltakarar ut i den 14 km lange løypa frå Os ungdomskule, via Tøsdalsskiftet, over Industrivegen og Ulvensletta til drikke og matstasjonen ved Nore Neset skule. Derfrå straka vegen heim igjen via Skeie, Solbakken og Moberg.

OPPDATERT: Deltakarantalet enda til slutt på 437 deltakarar, 11 fleire enn i fjor. Den eldste deltakaren var 87 år.

Lite google-vennleg

Då Ulvenmarsjen feira 10-årsjubileum starta dei opp med kunnskapskonkurranse parallelt med løpet. For annankvar kilometer står ei oppgåve med meir eller mindre vanskelege spørsmål.

- Etterkvart som mobiltelefonar med nettlesarar breidde om seg blei det vanskelegare å vanskelegare å lage oppgåver.

- Det var nok mange som nytta google og andre sider for å finne ut kva svara var, fortel Andersen.

I år hadde difor arrangørane lagt seg i selen for å laga spørsmål ein ikkje fann svar på på nettet.

Kven av Erling Andersen og Einar Vevatne har størst sko? er eit døme på spørsmåla sundag.

Seks vinnarar kvar dag

Tidlegare fekk alle som hadde alt rett på spørsmåla kvar si T-skjorte i premie.

- Det har vi gått vekk frå. Det var umogleg å bereikna kor mange T-skjorter vi trengde.

- I år trekk vi difor ut seks vinnarar frå kvar av dagane i staden, forklarar Andersen, som første gong i historia ikkje har vore med på å utforme oppgåvene.

Då Midtsiden snakka med han var det berre ein som hadde klart alt sundagen, medan 22 hadde alt rett laurdagen.

Pers av Sælen

Ulvenmarsjen er ikkje berre ein turmarsj, men òg eit kappgangstemne.

- Det var diverre berre seks deltakarar med i dag.

- Men prestasjonen til Joakim Sælen er ikkje desto mindre. Han persa med sju minutt då han gjekk inn på 1.10.58 på den 15 km lange løypa, fortel Andersen.

Kappgjengarane gjekk ei ekstra sløyfe ned mot Kysthospitalet for å koma opp i totalt 15 kilometer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.