Sport | 11. juli 2019

Martin får fulltidsjobb hos Nore Neset il

– Ei viktig brikke i ny strategiplan for idrettslaget, seier dagleg leiar Eirik André Hesthamar.

Martin får fulltidsjobb hos Nore Neset il
Martin Røttingen Eidsvik, her i opprykksesongen til Os 2 i fjor, skal i fulltidsjobb for Nore Neset il frå 1. august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juli 2019 11:59

Martin Røttingen Eidsvik (29) har fått jobb som utviklingsansvarleg innan fotball i Nore Neset idrettslag. Han held fram som trenar for Os 2 ut 2019.

– I ny strategiplan skal vi gjera fleire grep innan fotball og handball. Tilsetjing av utviklingsansvarleg, utviding av FFO og etablering av Fotballakademi er blant desse, men vi skal òg i gang med offensive tiltak innan handball, seier dagleg leiar Eirik André Hesthamar.

No gler han seg først og fremst av å ha fått Martin med på laget.

– Vi hadde seks søkjarar til stillinga, fleire av dei er veldig godt kvalifiserte. Martin blei innstilt på førsteplass. Han har sidan 2014 hatt engasjement ved Nore Neset sin fotballfritidsordning, i tillegg til at han har hatt spelar- og trenarengasjement i Lysekloster Idrettslag og Os Fotball. På dagtid har han det siste året vore vikar ved Nore Neset ungdomsskule.

Han er utdanna pedagog frå Høgskulen på Vestlandet med årsstudium i idrett. Han er også i gang med trenarutdanninga til Norges Fotballforbund.

– Martin kjenner både vårt idrettslag og fotballklubbane i bygda godt, han er ein mann eg ser fram til å få som kollega, seier Eirik André.

Midtsiden har ikkje lykkast i å no Martin for kommentar.

Eit idrettslag i vekst

Eidsvik blir Nore Neset il sin første fulltidstilsette etter Hesthamar. Utanom desse er det tre personar (trenarar og servering på FFO) og to reinhaldsmedarbeidarar på lønningslista.

– Idrettslaget er i vekst, og vi ligg i eit område med potensiale for vidare vekst, med stort og fint anlegg og barne- og ungdomsskule som nærmaste naboar, oppsummerer sjefen i idrettslaget.

– Medlemstalet veks med nokre tital i året, no er vi oppe i rundt 650, og dette er aktive medlemmar.

Blant utvidingane på fotballsida er FFO, som aukar frå to til fire dagar i veka, og etablering av eige akademi.

Martin startar formelt i stillinga 1. august. Han vil då ha det faglege ansvaret for Nore Neset sin utvida fotballfritidsordning og det nyoppretta fotballakademiet for ungdomsskuleelevar. I tillegg går han inn i sportsleg utval.

Sjølvstendig avgjerd

Nore Neset il samarbeider med Os Turn innan handball og fotball frå ungdomsskulealder, men innan fotball er samarbeidet på gutesida med Lysekloster il.

– Har de rådført dykk med Lysekloster før tilsetjinga av Eidsvik, at dette er eit prosjekt de gjennomfører saman?

– Nei. Tilsetjinga og strategien vi har lagt for framtida er for Nore Neset il. Sjølv om vi samarbeider med andre idrettslag, er vi frittståande og legg våre eigne planar.

– Men i samband med at Røttingen er midt i sesongen som hovudtrenar for Os 2, var vi i dialog med Os Fotball, sånn at det blir lagt til rette for at han kombinerer jobb hos oss med å styra juniorane til Os ut sesongen, fortel Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.