Martin og Dani med kvar sitt hattrick

90-årgangen blei avgjerande då Søfteland vann 6-5 på heimebane.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. okt. 2017 21:58

Dei har vore lagkameratar sidan dei spelte innandørsturneringar saman i 10-12-årsalderen, og vann avdelinga si og fleire cupar som gut- og junior.

I går skåra Martin Eidsvik og Dani Bergstø alle måla då Søfteland vann 6-5 over Askøy.

– Vi hadde litt skadar og karantenar i troppen, så Dani Bergstø blei flytta fram frå forsvar til spiss. Det fungerte heilt greit, seier Martin.

Avgjorde på straffe

Martin gav Søfteland leiinga mens Dani følgde opp med 2-1- og 3-1-skåring. Martin la på til 4-2 og 5-3, mens Dani sette inn 6-4 på straffe.

• Les òg: Har skåra 6 straffemål på 3 kampar (mai 2017)

Dei to 27-åringane har spelt saman på Os. Martin var nokre år på Lysekloster før dei igjen samlast på Søfteland, som både i fjor og i år har hatt periodar i toppen av tabellen etter opprykk til 5. divisjon.

– Det var ein viktig siger for vår del. Målet var topp 4 og no ligg vi på 4. plass.

Neste kamp går borte mot Solid på 2. plass. Dei to siste kampane går mot Halsnøy og Fri, som no ligg på 9. og 10. plass.

Martin reiste rett frå Stilvoll til Flesland og skal bruka haustferien som instruktør på Ørjan Sandal sin fotballcamp på Mallorca.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.