Kultur | 02. juli 2018

Martine med i årets Idol

Den unge vokalisten frå Strøno var førstemann på scenen då TV2 hadde audition i Bergen.

Martine med i årets Idol
Martine Frotveit Johnsen var først ut då Idol-sirkuset vitja Bergen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. juli 2018 07:28

Martine Frotveit Johnsen, som fyller 17 år i juli, er ein av minst to deltakar frå Os i årets Idol (Midtsiden kjem tilbake med intervju også med den andre deltakaren frå Os).

Ho var knapt to år då Kurt Nilsen vann første sesong med Idol i Noreg, likevel kjenner ho godt til Kurt, Tone Damli, Kjartan Salvesen og fleire av deltakarane som har gjort det godt i dei første sesongane av den populære songkonkurransen.

– Eg har hatt lyst å melda meg på Idol i mange år, men sist gong det var Idol, for to år sidan var eg for ung, du kan ikkje delta før det året du fyller 16 år, fortel Martine.

– Eg bestemte meg tidleg for at det var ein rein songkonkurranse eg ville delta i, Norske Talenter var ikkje aktuelt. Eg har sans for The Voice, men det er Idol eg har sett mest på i oppveksten.

I hovudrolle på Nore Neset

Martine forte at ho alltid har likt å synga, både åleine og saman med storesøstera Malin. Ho har heller aldri kvidd seg for å stå på ein scene.

– Malin var med og kora på Olsen Banden i Grieghallen då eg gjekk på barneskulen. Då dei såg etter fleire som kunne vera med, fekk eg òg lov å delta.

Det har blitt mykje synging på avsluttingar både på barneskulen og ungdomsskulen. Det største ho har deltatt på før Idol er då hadde hovudrolla på «Hairspray» på Nore Neset i 2017.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Martine Frotveit Johnsen 2017 from Midtsiden on Vimeo.

VIDEO: Sjå klipp frå Hairspray og ein av to låtar Martine song i mora sitt bryllaup i 2017.

«Scared to be lonely»

I år blir Idol sendt på TV2 for tiande gong. Katarina Flatland, kjent frå «Jakten på kjærligheten» og «Waschera», er programleiar, juryen består av Tshawe Baqwa frå Madcon og artistmanagarane Silje Larsen Borgan og Gunnar Greve.

– Audition var på eit av hotella ute ved Flesland, og eg var førstemann inn på audition, fortel Martine.

Ho seier at ho ikkje blir særleg nervøs av å synga for verken publikum eller jury.

– Men det er viktig for meg å lytta til og forstå teksten på låtane eg skal synga, utan at du forstår innhaldet er det vanskeleg å formidla noko. Eg kjenner meg veldig igjen i det mange seier om å «vera i si eiga boble» når du syng. Sånn føler eg det, songen og innhaldet i teksten gjer at det er som om eg ikkje ser kva som er rundt meg.

Martine song Martin Garrix- og Dua Lipa-låten «Scared to be loneley» på audition.

Ho kan naturlegvis ikkje seia noko om kva tilbakemelding ho fekk av juryen, men røper at ho blei verande på hotellet gjennom heile dagen.

– Eg hadde med meg Malin. Det var så kjekt å vera der og snakka med dei andre deltakarane, eg har blitt kjent med fleire av dei og gler meg allereie til sendingane startar etter sommarferien.

Publiserer musikk på nett

Det siste året har Martine lagt ut fleire sekvensar på instagram @martinefrotveit der ho syng kjente coverlåtar. Ho kjøpte gitar etter konfirmasjonen for to år sidan, og har lært seg å spela via Youtube.

– Eg ønskjer meg betre utstyr til lydopptak og ønskjer å publisera musikk på Youtube i tida som kjem, fortel Martine.

– Kva musikk liker du å synga?

– Eg liker å synga det eg sjølv liker å lytta til, men det er ikkje berre nyare musikk. Av eldre band liker eg The Beatles veldig godt.

– Eg liker òg å laga min eigen vri på låtane eg syng, og framfører dei ofte akustisk. Det er noko eige med musikk av ekte instrument.

– Skriv du også låtar sjølv?

Martine nølar litt før ho svarer.

– Eg har skrive eit par låtar. Den eine har nærmaste familie fått høyra, dei andre har eg ikkje spelt for folk enno. Eg synest det er vanskeleg. Eg ønskjer ikkje at låtane skal vera for triste eller for munter, eller at dei skal handla om kjærleik, men det er kanskje ikkje til å unngå, seier Martine Frotveit Johnsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.