Kultur | 13. sep. 2019

Martine slepp singel med konsert i Os

I fjor tok ho seg til topp 30 i Idol. No har ho skrive låt med Mats Cato Moldskred.

Martine slepp singel med konsert i Os
Martine i studio, her saman med Malin, Mats Cato og Sondre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. sep. 2019 11:30

Martine Frotveit Johnsen (18) frå Strøno i Os deltok i Idol 2018. Der gjorde ho god figur og tok seg til topp 30.

Etter at Idol-eventyret var over fekk vi lov å visa video frå då ho i 2017 song «Bare så du vett det» i mora sitt bryllaup, ei akustisk framføring som gjorde Stavangerkameratane rørt, og ein video som er sett over 4000 gongar på Midtsiden.

Fredag 4. oktober har ho med seg blant andre «Adeo», den faste makkeren til Kjartan Lauritzen, og kompisen Fole, som blir omtala som «Noregs svar på Post Malone» - for konsert på Baronessen. Sjølv skal ho sleppa debutsingelen sin denne kvelden.

– Eg er veldig glad for at eg får sleppa singelen på ein scene i Os, for at eg har fått med meg desse fine musikarane og for at vi får laga ein ungdomskonsert med 18-årsgrense denne kvelden, seier Martine.

Baronessen siktar seg elles inn på vaksent publikum, og har normalt aldersgrense 25 år.

– Når unge, lokale musikarar kjem og spør, og vi bruker fredagen til dette, synest eg berre det er kjekt å opna dørene for ungdomen for ein kveld, seier innehavar Bjarte Andersen.

Billetane blei lagt ut i dag. Martine er rosa-insirert denne kvelden, og oppmodar publikum om å kle seg i same farge.

I samarbeid med Mats Cato

Etter Idol har Martine halde fram med å synga. Ho har òg tatt enkelte private oppdrag.

– Eg har prøvd å skriva nokre eigne låtar, men ingen av dei blei ferdige, fortel Martine.

Eit tilfeldig møte mellom Martine si storesøster Malin og fotballspelaren Mats Cato Moldskred, som sleppte singel i mai i år, førte til nytt samarbeid og betre framdrift.

– Eg kjenner Mats Cato frå før, og ville berre gratulera han med låten. Då spurde han om korleis det går med Martine, og så blei det til at vi møttest i studioet han har bygd heime hos seg sjølv.

Forma låten saman

Martine fortalte om idear ho hadde, og Mats Cato tok notatar. Også Malin involverte seg i teksten til det som blir Martine sin debutlåt.

– Som eg sa då eg sleppte låten i vår, så liker eg like godt å skriva som å synga, seier Moldskred, som sjølv har begynt på studie for å bli produsent.

– Martine har verkeleg noko bra på gang, og er flink til å skildra. Det har vore eit godt samarbeid og ei interessant oppgåve å forma tekst saman.

Med på laget er òg Mats Cato sin produsent, Sondre Skaftun. Han vil fortelja meir om sitt inntrykk av Martine, stemma hennar og debutlåten når denne er ute.

«Martine» med over 500 følgjarar

Martine har tatt sitt eige namn som artistnamn, men berre fornamnet.

Ho har laga si eiga Facebook-side som allereie har over 500 følgjarar.

Låten blir sleppt på alle strøymetenester fredag 4. oktober, nokre timar før sleppefesten og konserten på Baronessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.