Kultur | 21. sep. 2018

Martine vidare til topp 30!

– Eg var eigentleg trist for at ikkje heile trioen gjekk vidare, men det var vanskeleg å visa, for eg var mest glad!

Martine vidare til topp 30!
Marine Frotveit Johnsen blei ikkje vist på TV i kveld, men dukkar nok opp på TV2.no. (Foto: Espen Solli, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2018 20:33

Fredag kveld var tre frå Os blant 60 deltakarar som skulle bli til 30 i årets Idol-sesong på TV2.

I år er det nemleg ikkje semifinalar, juryen skal velja ut alle til det står 10 finalistar igjen.

Deltakarane song trio og Martine Frotveit Johnsen (17) er vidare!

Martine song Kings Of Leon-låta «Sex On Fire» saman med Rebekka Tonheim Nordvik (17) frå Fjell på Sotra og Viljar Røysi (18) frå Geithus i Modum.

– Eg og Rebekka blei veldig glade! Samtidig var vi triste for at vi ikkje fekk Viljar med oss. Vi knytte gode band mens vi øvde, fortel Martine til Midtsiden.

– Vi fekk oppgåva klokka 22 kvelden før og fram til 2 om natta. Eg øvde vidare for meg sjølv til klokka 4, så var det opp igjen klokka 7 om morgonen.

Blei ikkje vist på TV

Dei to andre frå Os, Christoffer Leikvoll Storvik (22) og Ada Keita Hansson (25), rauk ut.

• Intervju med Ada: – Ei god Idol-oppleving som vaksen

Det var berre Ada som blei vist på TV mens ho song.

• På TV2.no kan du sjå Christoffer og Ada si deltaking i trio i kveld.

I skrivande stund er ikkje Martine sin trio lasta opp, men den vil nok koma TV2 si Idol-side.

I mellomtida kan du sjå Martine synga «Who is fancy» på dag 1 på bootcamp.

Var nøgd allereie første dag

Martine, som var første på scenen på audition i Bergen, seier ho blei skremt då ho fekk høyra at det ikkje er semifinalar i år.

– Alle dei andre var så flinke av oss 120 som kom til Oslo. «No kan eg berre pakka kofferten», tenkte eg. På veg inn til lineupen som blei vist onsdag var eg veldig nervøs, og det blei ikkje betre då eg høyrde kor flink Philip, som song før meg, var.

Les intervju med Martine frå i sommar

Men då ho sjølv kom i gang med låten sleppte nervøsiteten taket.

– Då Philip fekk ta eit steg fram, og eg fekk det same, så følte eg meg sikker på at vi hadde gått vidare. Det var utruleg kjekt! Eg var nøgd allereie der, seier Martine, som no er endå eit trinn vidare.

Martine såg Idol-seninga saman med kjærasten heime med mamma i Nordstrøno.

Dei som gjekk vidare i kveld går til dag 3 av bootcampen. Der blir deltakarane overraska med eit stort publikum, og juryen vil sjå etter scenepersonlegheit og artisteri. Sendinga frå dag 3 er førstkomande onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.