Lokal | 18. mars 2015

Massive protestar på Kuventræ

Kommunen vil opna Kuventrævegen forbi idrettsparken for gjennomgangstrafikk. Naboane protesterer.

Massive protestar på Kuventræ
Naboane står samla mot ideen om å opna Kuventrævegen for gjennomgangstrafikk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. mars 2015 11:33

Bildeserie:

Områdeplanen for Kuventræ syner fleire grenser naboane undrar seg over (ill: ABO/Os kommune)
Områdeplanen for Kuventræ syner fleire grenser naboane undrar seg over (ill: ABO/Os kommune)
1 av 1
Områdeplanen for Kuventræ syner fleire grenser naboane undrar seg over (ill: ABO/Os kommune)

I samband med oppstarten av områdereguleringa for Kuventræ kjem det fram at kommunen ønskjer å opna Kuventrævegen frå Industrivegen ved Ulvenvatnet barnehage opp for biltrafikk.

Dette er både for å løysa trafikkavviklinga til det opprusta sentralidrettsanlegget, men òg for å ta unna trafikken til dei 73 bueiningane ByggConsept vil bygga på Kuventræ.

– Naboane i vestre sving står samla. Her har vi alltid hatt eit godt bumiljø og eit godt forhold til Os Turn og levd i harmoni.

– Men no er det nok. Vi står samla mot å opna Kuventrævegen mot Industrivegen for gjennomgangstrafikk.

– Dette vil vi kjempa mot med nebb og klør, seier Arne Monsen på vegne av naboane.

– Kva tenkjer dei på?

Det aktuelle strekket er i dag gang- og sykkelveg frå Kuventræ til Industrivegen og yrkesskulen og knytter Kuventræ og Varåsen saman med Ulvenvatnet og Liafjellet.

– Dette er eit vrimleområde av idrettsungar, gåande og syklande. Kva er det kommunen tenkjer på når dei vil legga ein gjennomgangsveg som både vil ta hand om bilar for Brødrene Borgen Betong og Byggconsept sitt felt kloss oppi idrettsanlegget.

– Kva vil skje om ein unge sparkar ballen over gjerdet og ut i vegen. Korleis har dei tenkt å skjerma til dømes Ulvenvatnet barnehage for støy. Den vil jo bli liggande midt mellom to sterkt trafikkerte vegar.

– Nei, desse planane har berre negative konsekvensar, supplerer Norvald Monsen.

Feil rekkjefølgje

Naboane er ikkje s��rleg imponert over den kommunale sakshandsaminga av planane på Kuventræ.

– Her godkjenner dei langt på veg planane til ByggConsept og det nye sentralidrettsanlegget utan å ha tenkt på korleis dei skal løysa trafikken.

– Det er å byrja i feil rekkjefølgje og så feil som det kan bli. Dei må ha infrastrukturen på plass først.

– Det er allereie to vegar til Kuventræ, Idrettsvegen og Kuventrævegen sørover mot Os sentrum.

– Dei burde heller sjå på kva dei kan gjera på dei to vegane.

På kollisjonskurs

Sjølv om dei i ei årrekkje har hatt eit godt naboskap med Os Turn opplever ei no at turnforeninga er på kollisjonskurs med alle.

– Vi undrar oss over at dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, kan uttala og filosofera over at veg mot Industrivegen er ei god løysing.

– Eg trur eg har vore på samtlege fotballbanar i Hordaland. Det er ingen av dei som har denne typen trafikk heilt inntil fotballbanen.

– Korleis vil det bli for trenarane som skal freiste å instruera både fotballspelarar og friidrettsutøvarar med betongbilar og andre bilar dundrande forbi, spør Dag Tore Skjelde retorisk.

Får støtte frå fylkeskommunen

Naboane på Kuventræ får støtte frå Fylkeskommunen.

I eit fråsegn til oppstartsmeldinga uttaler fylkeskommunen:

«Reguleringsplanarbeidet skal vurdere å opne opp Industrivegen/Kuventrævegen som i dag er stengt med bom. Eksisterande veg er smal og vert nytta av både gåande og syklande. I området er det to barnehagar, skule og idrettsanlegg og dette medfører at mange mjuke trafikantar nyttar vegen. Fylkeskommunen rår difor til at det ikkje vert etablere køyreveg her. Både nasjonalt og regionalt er det et uttalt mål å legge til rette for trygg tilkomst dit barn og unge ferdes. Det er også ein nasjonal målsetting at 80 % av skoleelevane skal gå eller sykle til skolen. Dette krevjar ein bevisst tilrettelegging av trygge tilkomstveger, og det vil være eit tilbakeskritt å opne opp for biltrafikk på ein veg der barn og unge ferdast trygt i dag.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.