Marlin (midten) kom seg greit over fjorden frå start Strøneosen, men mellom Bekkjarvik og Ausevollshella kollapsa masta. (Foto: Sverre Holm)

Masta kollapsa midt i seglasen

– Dette er det verst tenkelege som kan skje, seier Svein Skoglund etter heftige Huftarøy Rundt i går.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kristi himmelfartsdag var det tradisjon tru rigga for seglasen Alutec Huftarøy Rundt, i år for 31. gong, 24,3 nautiske mil med start og mål i Strøneosen.

Med tidleg himmelsprett blei det noko færre deltakarar enn i fjor, i heftig vêr (8-18 m/s sør-søraust) var det berre 19 av 25 startande som kom i mål.

Ein av dei seks som ikkje fullførte var Os-båten «Marlin».

– «Marlin» sette den minste spinnakearen etter Bekkjarviksundet og vi i «Tina II» kunne sjå at dei nærma seg. Men då vi var kome halvvegs ned mot sunda utanfor Austevollshella kunne vi ikkje sjå spinnakaren lenger. Så oppdaga vi at den låg i vatnet og at masta var vekke, fortel Svein Skogland frå Tina II.

– Dette er det verst tenkelege som kan skje, at masta kollapsar. Men så gjekk båten «Adagio» opp mot «Marlin» og straks etter sette dei rett kurs igjen. Seinare fekk vi veta at dei hadde fått kutta riggen og fått den over bord, så ikkje den skulle laga hol i skroget.

– Eg er glad for at dei hadde skikkeleg tang og at ingen blei skadd.

Utåker raskast

Det var deltakarar frå blant anna Stord og Askøy, utanom dei frå arrangørklubben Os Seilforening.

Raskast var «Amaryllis», ein First 40.7 med rormann Inge André Utåker. Han kom i mål på 03:40:32, korrigert tid ut frå rating blei 03:48:28, som var best uansett klasse.

Tina II med rormann Skoglund kom på 7. plass av 9 starande (og 8 som fullførte) den raskaste klassen (rating frå 1,0).

Eltvik og Lom vann doublehanded

Båten som hjelpte «Marlin», «Adagio» med Bjørn Ofte som rormann, var raskast i rating t.o.m. 0,999. Dei segla rundt Huftarøy på 04:20:24 og fekk korrigert tid på 04:11:17.

I doublehanded var det «Stella» frå Os, med Terje Rønning Eltvik og Ole Morten Lom, som stakk av med sigeren. Dei segla i mål på 04:06:03, korrigert tid blei 03:52:01.

«Silje» kom på 2. plass, Piano kom på 4. plass. Sjå komplett resultatliste i bildeserien over.

– Synd vi ikkje har tribune på fjorden

– Totalt var det cirka 120 skipperar og mannskap i sving på båtane, synd vi ikkje har tribunar på fjorden på dagar som denne, seier Skoglund.

Etter ein dag i 9 knop fart rundt Huftarøy blei deltakarane samla til kjøttsuppe i klubbhuset i Kvernavika mens dei venta på resultat og premieutdeling.

– Vi gratulerer alle for innsatsen og vinnarane med sigeren. Ikkje minst vil vi takka mannskapen om bord i startbåten frå Milde båtlag for at dei låg og venta på oss alle desse timane til vi kom i mål.

Fleire saker