Kokkane og matentusiastane Siw Bugge Gjerdevik Kolstad og Silja Døsen Moberg står bak barnekokkekurset «Digg-etter-skulemat» (foto: Andris Hamre)

Mat er i vinden

Barnekokkekurs fullteikna på eit døgn, set opp eit til. – Vi vil spre matglede og -kunnskap, seier kokkane.

Av: Andris Hamre

Siw Bugge Gjerdevik Kolstad og Silja Døsen Moberg driv kvar sin catering-verksemd, men har funne samen gjennom Bjørnefjorden Matkultur og inviterer no kokkekurs for barn frå 10 til 15 år.

– Meir enn å vera konkurrenter, så utfyller og beriker vi kvarandre. Både i det vi leverer gjennom verksemdene våre, men også på kjøkenet, strålar dei to når Midtsiden møter dei til ein prat nede ved Bjørnafjorden.

Forskjellen har blitt større

I vinden ved Mobergsvikjo fortel dei at mat og matkultur er nettopp i vinden.

– Men samstundes så merker eg at forskjellen har blitt større enn det den var tidlegare, fortel Siw som også er lærar i mat og helse.

Med erfaring frå både 4., 6. og 9. trinn har ho merka seg ein ting til.

– Dei yngste ungane er mykje meir opne for nye smakar enn det ungdommane er. Kvifor det er slik veit eg eigentleg ikkje. Det er heilt greitt å ikkje lika, men ein må tørre, og få lov, til å smaka på nye ting, seier ho.

– Eg snakka med Børrea Schau-Larsen om det ein gang, og ho viste til studiar som sa at det er i 11-årsalderen at ungane bestemmer seg for kva dei liker og ikkje. Det kan vera noko der, skyt Silja inn.

Vil spre kunnskap og matglede

Dei to kursa, med plass til seksten på kvart, har blitt til fordi dei to kokkane har eit genuint ønskje om å gje ungar gode og sunne alternativ til ferdigmat.

– Vi vil spre matglede, matkunnskap, kunnskap om råvarer og smak. Det er ikkje så veldig vanskeleg å laga sunne og gode alternativt til snack etter skulen, til lunsj eller kveldsmat, berre ein har lært seg nokre små knep. Ikkje treng det ta lengre tid enn å putta ein ferdigpizza i omnen heller.

– Kva er det deltakarane på kursa skal få læra då?

– Korleis laga bra og god mat. Det kan vera smoothie, rå energikuler eller spennande grønnsaksvaflar. Vi har lyst til å gje dei tips og råd til smakar og korleis ein går fram. Målet er at dei skal føle seg trygge på å laga mat, og at dei opner opp for nye smakar. Vi kjem sjølvsagt til å lura inn grønnsaker, men kanskje på ein litt anna måte enn dei er vante med.

– Håpet er jo at dei kan gå heim og inspirera foreldra. Vi kjem ikkje til å nytte dyre råvarer. Dei skal i tillegg vera lett tilgjengelig i ein kvar daglegvarebutikk, forsikrar dei to.

Vegen blir til mens dei går

Siden det er første gang dei arrangerer kurset er dei spente på korleis det blir.

– Vegen blir litt til mens vi går. Vi har ein plan, men det kan godt vera at vi må gjera om på den undervegs. Det kjem litt an på dei som er med på kurset.

– Ein draum hadde jo vore å kunne helde ein serie med kurs, omlag som ein går på fotball eller handballtrening ein gang i veka. No byrjer vi her, så får vi sjå kva veg vinden bles, avsluttar dei to med eit smil.

Påmelding til kurset gjer ein gjennom Bjørnefjorden Matkultur si facebookside.

Fleire saker