Lokal | 20. juli 2018

Mat og auksjon for «Hjelp Moldova»

William Lindborg og Gunnar Nagell Dahl arrangerer auksjon, konsert og matfest på torget for å hjelpa Hans Bjørn Bakketeig i Moldova. – No er vi på jakt etter ting vi kan auksjonera bort, seier dei to.

Mat og auksjon for «Hjelp Moldova»
William Lindborg og Gunnar Nagell Dahl håper på stor oppslutad omkring auksjonen og arrangementet for å hjelpa Hans Bjørn Bakketeig og «Hjelp Moldova» (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. juli 2018 07:29

Hans Bjørn Bakketeig har blitt slått til riddar av første klasse og blitt portrettert gjennom dokumentarfilmen «Mirakelet i Moldova» for den mangeårige og heroiske innsatsen for å gje synshemma i Moldova ein betre kvardag.

– Men det hjelp ikkje med medaljar og film når pengestøtta frå UD no forsvinn. Hans Bjørn har gjort ein formidabel jobb i Moldova og det vil vera for gale om ikkje han skal kunne få fullføra det arbeidet han har starta med å gje ei optikerutdanning der nede. Om han må sleppa det no, så er det fare for at alt går tilbake til slik det var før, seier Gunnar Nagell Dahl om bakgrunnen for at han har teke initiativet til eit arrangement på torget laurdag 11. august for å samla inn penger til «Hjelp Moldova».

– Vi har lyst til å gjera eit stunt både for å samle inn pengar og for å halde saka varm og minna folk på at dei treng hjelp, supplerar William Lindborg.

Musikk, mat og auksjon

Dei to er i ferd med å planlegga eit arrangement kor alle inntektene skal gå til hjelpeorganisasjonen.

– Vi ser for oss eit arrangement frå 12 til 14 Osfestlaurdagen. Vi håper det kan vera eit gøyt bidrag til festivalhelga og gje osingar og andre besøkande ein god grunn til å vera på Os begge dagane.

– Vi har fått med oss Johnny Olsen Band til å vera med å fylle det med musikk og Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard til å vera konferansier.

– Saman med lokale kokkar skal eg sørgje for at vi lagar mat folk kan kjøpa, sjølvsagt basert på lokale råvarer. Kva menyen blir bestemmer vi oss for når dagen er der og vi ser kva råvarer som er tilgjengeleg, seier Nagell Dahl.

Treng ting å auksjonera vekk

Dei to har ei oppmoding til osingane.

– No er vi på jakt etter ting å auksjonera vekk. Då tenkjer vi først og fremst på ting som har litt verdi, slik at det verkeleg monnar og at Torstein har litt å dra på med på auksjonen.

– Om eg ikkje får seld seilbåten eg har liggande, så kjem nok den til å bli eit bidrag til auksjonen, smiler Nagell Dahl.

– Eg trur eg må utfordra svigerfar. Han har mykje liggande som han ikkje nyttar, skyt Lindborg inn.

– Andre vi utfordrar, i tillegg til den vanlege mannen i gata, er sjølvsagt næringslivet i Os. Dei må gjerne koma med forundringsposar som vi kan auksjonera bort, seier dei to.

For å få ei viss oversikt ber dei om at folk som kan tenka seg å bidra om å senda ein epost til William i Os sentrumsforening.

– Då kan vi også få avtalt levering og henting av bidraga, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.