Lokal | 26. aug. 2011

Mathilde (4) kan hamna på boksen

Mathilde Halhjem Edvardsen frå Os ligg på topp i Hordaland ein månad før Stabburet skal kåra nye frontfigurar på leverposteiboksen.

Mathilde (4) kan hamna på boksen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. aug. 2011 11:14

«Vi er på jakt etter et sjarmerende barn med glimt i øyet i alderen 2-12 år» skriv Stabburet på Se og Hør si nettside for fotokonkurransen.

Fram til 30. september kan foreldre lasta opp bilde av sine unge sjarmtroll og innan 15. oktober skal 10 finalistar, 5 jenter og 5 gutar, plukkast ut.

Konkurransen er stor og fleire frå Os deltar allereie med sine bidrag. Éi av dei ligg allereie svært godt an til plass i finalen.

– Eg lasta berre opp bilde og sendte link til vennane mine på Facebook. På fire dagar klatra ho frå 220. til 150. plass, sidan har ho klatra endå fortare på lista, fortel mamma til Mathilde, Gyri Halhjem.

Mathilde ligg no på topp i Hordaland uansett kjønn og på 11. plass blant jentene på landsbasis.

– Då vi såg at Mathilde fekk så mange stemmer så blei vi litt gira, så no har mange venar og folk i familien byrja å mobilisera. Folk kan stemma éin gong per dag per pc, så det blir ein travel september, ler Gyri.

Dei tre jentene med flest stemmer går til finalen, medan ein jury plukker ut yttarlegare to. Tilsvarande er det for gutane.

Mathilde, som fyller 5 år i oktober, synes det er stor stas å vera med i konkurransen. Ho veit at ho kan vinna mykje leverpostei ved å koma til finalen, men ho veit ikkje at ho og familien også kan vinna ein dag i Tysenfryd.

At hovudpremien, i tillegg til å hamna på leverposteiboksen, er ein tur til Orlando, har foreldra Gyri og Arnfinn Edvardsen også halde hemmeleg.

– Sjansane for å vinna er framleis små, vi vil ikkje at ho skal bli skuffa. Men ho har skjønt korleis det fungerer, ho har allereie gått til avdelingsleiaren i barnehagen og bedt ho om å stemma på seg.

Her kan du sjå bidraga, topp 100-listene og stemma på din favoritt.

Etter at finalistane er kåra 15. oktober bruker juryen éin månad på å finna vinnarane, ei jente og ein gut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.