Kultur | 21. jan. 2019

Matoma til Tysnesfest

I ei pressemelding fortel Tysnesfest kven som skal «headlina» fredagskvelden under årets festival.

Matoma til Tysnesfest
Matoma er klar for Tysnesfest. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 21. jan. 2019 14:15

DJ og produsent Tom Lagergren (aka Matoma), kjend for sin danseorienterte tropical house musikk, har i løpet av kort tid blitt ein av dei største eksportvarene innan norsk musikk.

Med millionar av avspelningar på straumetenester kvar månad og utselte konsertar over hele verda har det vore vanskelig å ikkje legga merke til Matoma de siste årene. Frå sin oppvekst på Flisa i Hedmark begynte Lagergren si musikalske karriere som klassisk pianist. I tenåra byrja han å høyre på sin eldre brors musikksamling – inkludert album av Paul van Dyk, Tiesto og Armin van Buuren – og han blei stadig meir interessert i elektronisk dansemusikk.

Når han byrja på musikkteknologi på NTNU var han allereie i gang med å remikse og sleppa låtar på nettet som Matoma.

I 2014 kom den internasjonale anerkjennelsa for Matomas remixer med blant anna låtar av Jessie J, Akon og Enrique Iglesias. I 2015 landa han sin første store hit med remix av Notorious B.I.G. “Old Thing Back.”, som på noverande tidspunkt har meir enn 230 millioner streams på Spotify.

Sidan den gong har Matoma gitt ut debutsingelen “Feeling Right (Everything is Nice)” med Wale & Popcaan, og låtar som “Running Out” med Astrid S, “Paradise” med Sean Paul & KSteward og “Wonderful Life (Mi Oh My)” som soundtrack til Angry Birds filmen. Siste tilskudd til hit-stamma er den nye smashen “All Night”med The Vamps, som også er på full fart oppover listene, samt “Heart Wont Forget” saman med GIA.

Då Matoma spelte på Tysnesfest i 2015, klarte han verkeleg å setja fyr på Gjerstad. Dette sjølv om han spelte ganske tidleg på kvelden. I år tek han med seg ein mykje større produksjon og blir avslutningsnummeret på fredagskvelden! Me kan lova eit forrykande show!

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2019: Aurora, Åge & Sambandet, Matoma, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Skambankt og Kjartan Lauritzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.