Sport | 28. okt. 2016

Mats Cato klar for cupfinale

Kongsvinger er klare for cupfinalen – Moldskred kan bli speleklar til det han ser på som den største enkeltkampen du kan oppleva i Noreg.

Mats Cato klar for cupfinale
Mats Cato Moldskred er optimistisk i høve at han skal rekkje å bli frisk før cupfinalen (foto: Kongsvinger IL)
Andris Hamrefredag 28. okt. 2016 07:52

I fjor rykte dei opp frå 2. divisjon, no er Kongsvinger med osingen Mats Cato Moldskred klare for både kvalik til Tippeligaen og finale i NM.

Førstedivisjonsklubben Kongsvinger slo sensasjonelt Strømsgodset 2-1 i semifinalen i cupen og er klare for finale på Ullevål 20. november.

– Det var ein heilt sinnsjuk stemning og oppleving, fortel Mats Cato, som sjølv er ute med skade og difor sto saman med dei vel 1000 Kongsvinger-supporterane på tribunen.

– Eg kunne nok ha sete på benken, men det hadde eg ikkje lyst til. Eg hadde mykje meir lyst til å ta del i kampen saman med supporterane. Det er noko av det mest nervepirrande eg har opplevd, men også noko eg kjem til å sjå tilbake på med glede.

Måtte innom og takke

At cupfeberen herjar i Kongsvinger er det liten tvil om. At fotballlaget også set pris på supporterane sine er det like lite tvil om.

I pausen på kampen sendte trenar Luis Pimenta spelarane bort til supporterane for å takke dei for innsatsen i den første omgangen. Etter kampen tok det heilt av.

– Det var heilt enormt. Då vi kom heim til Kongsvinger måtte vi innom den lokale puben for å takka supporterane. Stemninga sto i taket!

Reknar med han blir klar

Skaden til Mats Cato er ein lyskeskade med avriven muskel, som legane og fysioteraputen reknar med det tar omlag åtte veker å helbreda.

– No har eg vore ute i seks veker. Eg har framleis 25 dagar på å bli frisk til cupfinalen og det skal eg bli. Både eg og det medisinske støtteapparatet er optimistiske.

– Det vil vera ei personleg katastrofe å ikkje få vera med på cupfinalen. Det er den største enkeltkampen du kan oppleve i norsk fotball, med ei heilt enorm ramme rundt. Den skal eg ha med meg.

Kan bli eliteserie

Ikkje berre har Mats Cato og Kongsvinger tatt seg til cupfinalen. Dei er òg klare for kvalifiseringa til eliteserien éin serierunde før slutt – året etter opprykket frå 2. divisjon.

– No har vi Ull-Kisa på søndag, så gutane må berre landa og omstille med ein gang. Så får vi fokusera på kvaliken. Første kamp der er 5. november, avslutter Mats Cato Moldskred.

Kven Kongsvinger møter i kvaliken er ikkje klart. Blir tabellen uforandra frå i dag er det Sandnes Ulf som blir motstandaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.