Mats Cato har skrive eigne låtar sidan 2007. I dag slepp han debutsingelen sin. (Foto: Ørjan Håland)

Mats Cato slepp debutsingel i dag

Toppskåraren til Os aktuell med låten «Testify». Blir å sjå på scenen på torgfesten i morgon!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mats Cato Moldskred, som før cupfinalen i 2016 var vokalist og med på å skriva tekst til sitt eige lag, Kongsvinger, bruker fornamna sine som artistnamn når han i dag debuterer med sin eigen låt.

– Eg starta på låten i haust og skreiv den ferdig saman med produsenten min, Sondre Skaftun, fortel Mats Cato.

«Testify» er publisert på både Spotify og Soundcloud.

OPPDATERT: Laurdag kveld skal han på scenen på torgfesten i Os sentrum!

«Mats Cato har en forkjærlighet for å lage låter, og har en stemme som fort fanger lytternes interesse. Debutsingelen Testify byr på en fin balanse mellom det organiske og pop-moderne lydbildet. Singelen er en lett sommerlåt med et hook som er vanskelig å glemme» skriv Skaftun om låten.

Skaftun fekk i fjor talentstipend og blei B-lista på P3 for sin debutsingel, «Losing the light». Mats Cato tok kontakt, og dei to etablerte eit samarbeid.

Laga eigen musikk frå første stund

Mats Cato fortel at han byrja å spela gitar sist han var Os-spelar, då Os i 2007 spelte i 2. divisjon. Han fekk god hjelp av Torbjørn «Timmy» Kristiansen, i Os kjent frå blant anna bandet «Blue Note Shuffle».

– Har du ingen musikalsk bakgrunn før det?

– Nei, ikkje anna enn at eg og klassekameraten min Thomas Olsen ofte var vokalistar då det var avsluttingsfestar på barneskulen, seier debutanten og ler.

Saman med øving på gitar blei det noko song, og han oppdaga at enkelte coverlåtar passa stemma hans.

– Eg har berre lært meg nokre få låtar av andre, eg byrja å laga eigne melodiar og eigne tekstar allereie etter ein månad eller to.

– Så no har du mange låtar liggande?

– Ikkje alle er ferdige, men ja, eg har ein del tekstar og melodiar i arkivet.

– Og så debuterer du med «Testify». Kva ligg det i denne vedkjenninga?

– Dette er ikkje den mest personlege teksten min, og vi har skrive den saman for at den skal fungera som ein lett sommarlåt. Men det kjem nok meir.

– Kva er målet?

– Eg veit ikkje om eg skal halda fram å synga og spela gitar, eller om det blir tekstskriving eller produksjon, men eg liker den kreative delen av å jobba med musikk.

Fleire saker