Lokal | 01. jan. 2019

Måtte demontera konteinar for å sløkka brann

Branntillaup i bustad og ulmebrann i Fretex-konteinar var oppdraga til Os brannvesen nyttårsaftan.

Måtte demontera konteinar for å sløkka brann
Brannvesenet måtte til slutt demontera Fretex-konteinaren for å sløkka brannen. (Lesarbilde, foto: Even Hjertaas)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. jan. 2019 11:12

Trass kraftig vind var det flittig bruk av fyrverkeri i Os i inngangen på 2019.

– Det har likevel gått fint for seg. Vi har ikkje fått inn nokre meldingar om problem som følgje av fyrverkeri, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Den eine av to branntillaup dei i natt var ute på, kan kanskje likevel relaterast til fyrverkeri.

– Politiet var ikkje på staden mens vi var der, men klede byrjar ikkje å brenna av seg sjølv.

Brannvesenet fekk litt før klokka 01 melding om brann i ein konteinar med klede. Konteinaren står ved busshaldeplassen ved fotballbanane til Søre Neset i Halhjemsmarka.

– Det blei eit litt omfattande arbeid å sløkka brannen. Konteinaren måtte demonterast, og vi brukte rundt ein time på staden.

Varmgang i Borgavegen

I 4-tida i natt rykte brannvesenet ut på ein automatisk alarm i Tøsdalsvegen, i 8-tida kom det melding om røykutvikling i ein bustad i Borgavegen.

– Røyken kom frå varmgang i hovudsikringane, fortel Gjøsund.

Både desse og hovudinntaket blei kopla ut. Det er uvisst kva som er årsaka, men det har vore fleire straumbrot i Os i natt, og fleire har opplevd ustabil spenning i uvêret.

– Hugs at sikringsskap skal vera lukka. Det er ei årsak til at skapa er laga av metall og har ei dør, ved varmgang er det redusert fare for brann om skapet er lukka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.