Politi | 19. feb. 2023

Måtte fjernast med makt frå privat adresse

Mann meldt for vald mot politiet.

Måtte fjernast med makt frå privat adresse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. feb. 2023 08:35

Klokka 02.45 natt til søndag fekk politiet melding om ein mann som var ønska vekk frå ei privat adresse litt utanfor Os sentrum.

Politiet rykte ut, men måtte kjempa for å få mannen med seg.

– Vedkomande var vanskeleg å ha med å gjera, og patruljen måtte ta kontroll på han, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Han stritta imot, og blir meldt for både forulemping og vald mot offentleg tenesteperson.

Vedkomande er ein mann i 30-åra frå Os.

På veg til overnatting i arrest gjorde han også skadeverk på innsida av politibilen, noko han i tillegg blir meldt for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.