Lokal | 24. aug. 2019

Måtte kvila i 9 timar

Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem i går.

Måtte kvila i 9 timar
Ein av dei tunge bilane vegvesenet kontrollerte på Halhjem i går. (Foto: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. aug. 2019 07:48

Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem fergekai og ved Lagunen i Fana fredag.

Ein sjåfør blei meldt for brot på køyre- og kviletida, då vedkommande berre hadde kvilt i 6 timar, ikkje 9 som i kravt.

Sidan han var inne i eit aktivt brot måtte han «starta på nytt» og kvila 9 timar på plassen. Han blei òg meldt til politiet.

Ein bilførar blei meldt for å køyra utan førarrett. Bilen var dessutan begjært avskilta.

– Ti køyretøy fekk teknisk mangel på lys. Det er ikkje bra med tanke på den mørke årstida vi går inn i, skriv vegvesenet i rapporten frå gårsdagen.

Tre andre fekk mangel på bremsar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.