Kultur | 28. aug. 2011

Måtte stenga gangveg

Skal du passera Oseana må du gå på nedre nivå, øvre er sperra grunna laus skifer.

Måtte stenga gangveg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. aug. 2011 20:15

Torsdag blei det oppdaga at nokre av skiferhellene på fasaden til Oseana er lause.

– Heldigvis blei det oppdaga. Det var faren til ein elev ved kulturskulen som torsdag ettermiddag kom og fortalte at det såg ut som om noko var feil, fortel teknisk sjef Kjetil Moberg.

Ingen skiferheller har ramla av veggen og feilen gjeld berre eit lite avgrensa område av fasaden.

Limt og skrudd

– På akkurat denne delen av fasaden dekker skiferen rundt eit luftinntak, og er derfor limt, ikkje skrudd fast slik resten er.

– Vi hadde entreprenørar oppom og såg på det på fredag. Kva som har skjedd veit vi ikkje, men inntil det er fiksa har vi sperra passasjen.

Framleis passasje

Du kan framleis fint gå frå Mobergsvikjo til Os forbi Oseana, men då må du gå nede forbi Færingen, ikkje oppe utanfor foajeen og hovudinngangen.

Fleire ungar som bur i Giljavegen og på Kuhnle bruker dagleg denne passasjen som skuleveg.

Anleggsplass og kulturskule

Før helga fekk Midtsiden ein epost frå ei mor som er uroa for å senda ungen sin på kulturskule. Årsaka er trafikken rundt Oseana og anleggsplassen til Os Sjøfront.

– Mange ungar skal til og frå, samtidig er det nokre foreldre som kjører heilt opp til inngangsdøra, opp den smale rampen. Ikkje alle ungane som kjem som fotgjengarar bruker tunnelane og mange ungar er vimsete, sånn er det berre, skriv ho.

– I dei mest trafikkerte tidene har Veidekke eigne folk ute til å passa på trafikk og fotgjengangarar. Å få folk til å gå i fotgjengartunnelane er éi av utfordringane, her er ofte dei vaksne dei største syndarane, seier Kjetil Moberg.

Mora som har kontakta Midtsiden fortel også om heisekrane som er i sving medan ungane går forbi.

– Kranførarane held seg nok i arbeid over trygge område, og er faktisk til god hjelp. Dei er flinke til å følgja med og gjev oss tilbakemelding om dei ser noko dei meiner vi bør passa på.

Blant kommentarane som har kome frå kranførarane er at ungdom av og til står på skateboard ned rampen frå inngangen. Når dei kjem ned er det fare for at dei kolliderere med bilar på veg frå tunnelen under rampen, frå Færingen.

– Skatarar er blant dei vi må passa på å gje beskjed, så ikkje dei let seg frista av den fine nedoverbakken, seier Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.