Næringsliv | 25. feb. 2011

Mattilsynet på inspeksjon

Tre restaurantar i Os har nyleg hatt uanmeldt besøk av Mattilsynet. Ingen av dei fekk skryt.

Mattilsynet på inspeksjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. feb. 2011 09:25

I førre veke var Mattilsynet på inspeksjon ved 28 spisestadar i Bergen og Os.

- Eg er skuffa. Denne gong var det ganske mange merknadar grunna mangelfull kunnskap om og forståelse for mathygiene, seier seniorinspektør Margrethe Wold i Mattilsynet for Bergen og Omland til bt.no.

Lucianos fekk refs
I Os var det Kafé Ole B, Os Biljard og Sportsbar og Lucianos som blei inspisert. Verst var resultatet hos Lucianos.

«Matserveringen stengt på grunn av alvorlige mangler ved driftsrutiner (varmholding, nedkjøling og tining) og mangelfull kompetanse» står det i rapporten.

Ifølgje bt.no skal alle restaurantane som måtte stenga betra forholda og fått løyve til å opna igjen.

Lucianos var stengt frå torsdag då inspeksjonen var til måndag21. februar.

Midtsiden.no lukkast først ikkje med å nå innehavar Levent Bozkurt for kommentar. Men fredag kveld fortalte han om inspeksjonen. Les intervjuet her.

Viktige detaljar
Medan 12 av dei til saman 28 restaurantane får karakteren «bra» er både Os Biljard og Sportbar og Kafé Ole B blant dei mange Mattilsynet meiner er mindre bra.

Innehavar av Kafé Ole B, Frode Søviknes, har sidan han overtok i sommar drive omfattande oppgradering av kjøkkenet. Mattilsynet meiner restauaranten har dårlege driftsforhold under oppussingsarbeidet, som snart er ferdig.

Vi har ikkje fått tak i Søviknes, men Hans Olav Sundøy fortel om korleis det var å ha Mattilsynet på inspeksjon på sportsbaren.

- Dei fann nokre småting som er enkle å retta opp i, dei er pirkete, men det må dei gjerne vera. Eg mangla termometer i fryseskapet og hadde ein krakk på kjøkkenet som ikkje har vaskbar overflate, fortel Sundøy om tinga han må retta på.

Treng toalett
I tillegg fekk Sundøy beskjed om å skaffa seg personaltoalett.

- Vi har fellesrom for leigetakarane i etasjen, der er det også personaltoalett. Men sidan det ikkje berre er mine tilsette som bruker dette toalettet, måtte eg skaffa meg eit eige.

Resultatet er at han må stenga av og skilta om toalettet for rørslehemma.

- Dette må skiltast som personaltoalett og vera låst. Så får heller dei som kjem i rullestol be om nøkkel, seier Sundøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.