Kultur | 10. okt. 2012

Maya; om å snakka til publikum

VIDEO: Osingen Maya er på NRK Lydverket i kveld. Her kan du sjå innslaget.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. okt. 2012 14:17

Maya Vik har gjort suksess som soloartist. I juli var ho på turné i Japan, i august gav ho ut sitt andre soloalbum, Bummer Gun, og spelte på Øyafestivalen.

På Øya hadde ho også NRK på slep, som lagde eit innslag som handla om det å snakka med publikum mellom låtene.

SJÅ INNSLAGET NEDST I ARTIKKELEN

– Temaet dukka opp under ein liten idérunde og vi såg tidleg på Maya som ein god kandidat. Ho har lang sceneerfaring, men er relativt fersk som vokalist og frontfigur, ei som skal vera målberar gjennom ein heil konsert, seier vaktsjef i NRK Lydverket, Liza Stokke.

Fleire andre artistar enn Maya er del av sendinga, erfarne utanlandske artistar som fortel kva dei meiner slår an som smalltalk.

– Dette er artistar som har vore innom Oslo den siste tida, som vi har intervjua om andre ting, men også til dette temaet, fortel Stokke.

Utan manus

Maya fortel at ho har lagt merke til kva tidlegare bandmedlemmar i blant anna Furia og Montée har lykkast med når det kjem til kommunikasjon med publikum.

– Det er ei heilt anna rolle enn å stå i bakgrunnen med bassen. Men eg har likevel ikkje brukt tid på å førebu meg på dette eller skriva noko form for manus.

– For det første føler eg at musikken min ikkje passar til så mykje prating mellom låtane, for det andre må du uansett tilpassa det litt til publikum og stemninga.

– Men enkelte ting slår alltid an, som å snakka om staden du er på og å skryta litt av publikum.

I Japan blei det skivebom, ikkje fordi ho sa feil namn på nokre av dei fire byane ho besøkte, men fordi ho trudde ho hadde lært seg kva "skål" var på japansk. Det ser du meir om i sendinga under.

Vellukka Japan-turné

Heime haustar Maya mykje ros for albumma hennar, men ho har også lagt merke til god interesse frå Japan.

– Vi har ein liten, men veldig engasjert distributør i Japan, ei eldsjel frå Osaka som også driv eigen platesjappe.

– Han ordna klubbjobbar i fire byar for oss og vi tok turen. Samtidig hadde vi med fotograf og sminkør, så vi fekk spelt inn musikkvideo til låta "On It" medan vi var der.

Sjå videoen på YouTube

– Publikum er veldig annleis enn her heime, dei er veldig stille så eg lurte i starten på om dei ikkje likte musikken min. Men så fekk eg veta at det var vanleg og ei form for å visa respekt for musikaren at dei sat stille og lytta.

– Og eg blei så vane med det at då eg kom heim og spelte for norsk publikum så fekk eg lyst å seia "Hysj! kan dåke ikkje vera stille?".

Måler interessa

Maya måler også interessa via sosiale medier, trafikk på twitter, facebook og youtube viser kvar ho blir lytta til. Der skil Japan saman med heimlandet seg ut.

– Det var litt sprøtt å vakna til 40 meldingar på twitter frå nye japanske fans. På japansk. Eg brukte google translate ivrig, utan heilt å forstå kva dei skreiv. Men engasjementet var uansett positivt og kanskje kan eg bli så heldig at interessa i Japan aukar med tida så det kan bli fleire turnear.

I haust står konsertar i Oslo, Lillehammer og Trondheim for tur.

– Vi jobbar også med å få til noko i Bergen, eg håper eg får meg ein tur til Vestlandet før jul, seier Maya Vik.

VIDEO: I kveld kan du sjå Maya på Lydverket på NRK 2 klokka 21.30. Men Midtsiden har fått over dei drygt 5 minutta om Maya, som du kan sjå i snutten under. (Foto: NRK)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.