Maya Vik framførte fleire låtarpå vernissasjen i Oslo, blant anna nye «Funknuddel», der ho rappar på norsk.

Maya rappa for Sloggi på kvinnedagen

Maya Vik i ny sjanger då ho og resten av kunstnarane i «The Unfastened Collective» blei utfordra av undertøysgiganten.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I samband med kvinnedagen samla Sloggi rundt hundre personar frå Oslo sitt unge og kreative kunstnarmiljø til ein vernissasje med The Unfastened Collective.

The Unfastened Collective består av Maya Vik (artist) frå Os, Sunniva Hartgen-Sverdrup (stylist), Julie Aida (kunstnar og illustratør), Vilde Haagenrud (kunstmalar), Thea Klingvall (kunstmalar), Adeline Hermier (foto og installasjon) og Hedda Gray Lægreid (skribent).

Geelmuyden Kiese står bak kampanjen.

Vernissasjen var eit initiativ frå undertøysgiganten Triumph International i samband med Sloggi-kampanjen «Unfasten Yourself». Målet med kampanjen er å inspirera kvinner til å heva stemma, seia meninga si og vera stolt av kven dei er.

Eksklusiv sniktitt i ny sjanger

Maya Vik sine bidrag besto av låtane «Fighter» og «On it», som begge uttrykker kvinneleg styrke og sjølvstende.

I tillegg ga ho gjestane ein eksklusiv sniktitt på heilt nytt materiale som skal sleppast i løpet av våren. Her utforskar Maya ein sjanger ho ikkje har vore i før, rap.

På Maya si Facebook-side får du ein sniktitt på musikkvideoen til «Funknuddel», der Maya rappar på norsk.

– Ein komisk versjon av meg sjølv

Om bidraget sitt med Funknuddel til Unfasten Yourself-vernissasjen seier Maya:

– Å vera artist er i seg sjølv ganske utleverande, og du opererer ofte i grenseland mellom kva som kjennest komfortabelt og ikkje.

– Det treng ikkje vera eksponeringsbehov som er drivkrafta. Det å våga å visa fram ulike sider ved seg sjølv, i ei musikalsk og visuell framføring, er noko eg må jobba med heile tida. Med kvar nye låt, konsert, eller visuelle uttrykk prøver eg å gå litt ut av komfortsonen,sjå litt annleis ut, låta litt nytt og ikkje tenkja så mykje på kva som er venta av andre.

– For meg er det å våga å skilja seg ut definisjonen på «Unfasten Yourself». I mitt bidrag, som er musikk med tilhøyrande video, viser eg frem ein stilisert og komisk versjon av meg sjølv i mitt kvardagslege miljø, både i tekst og bilde, seier Maya Vik.