Lokal | 08. aug. 2018

MC-gjengen stiller opp for Bakketeig

Auksjon, konsert og snaddermat: Venegjeng lager liv i Os sentrum på dagtid under Osfest.

MC-gjengen stiller opp for Bakketeig
Denne venegjengen stiller opp for kameraten Hans Bjørn (på benken) og Hjelp Moldova, og lager samtidig stemning på dagtid i festivalhelga. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. aug. 2018 12:04

«MC-gjengen», ein venegjeng som har reist mykje på motorsykkelturar saman, fleire av dei med bakgrunn i tidlegare Osøren Blues & Jazzfestival i Os, står saman om å laga liv på torget i Os laurdag under Osfest.

No byrjar programmet å bli klart.

– Du kan ikkje berre skriva MC-gjengen, vi heiter «Bald Head Riders», seier musikar Johny Olsen, som sjølv er litt tynn i luggen.

Johny Olsen Band skal spela på torget på dagtid laurdag. Det blir ikkje billettsal, men Johny har planen klar.

– Eg set fram to bøtter, ei raud og ei grøn. Dei som liker musikken kastar pengar i den grøne bøtta, dei som ikkje liker musikken kastar pengar i den raude.

– Sånn får vi i bandet ein indikasjon på om det er på tide å legga opp, seier Olsen med eit lurt smil.

Inntektene går uansett ikkje til bandet, men til kameraten Hans Bjørn Bakketeig og Hjelp Moldova.

Tull og røvarkjøp med Torstein

Ideen om å laga eit arrangement på Øyro kom då venegjengen var samla. Det blei lansert hundre idear, og alle var einige om alt. No er programmet settla.

– Det blir musikk,mat og auksjon. Menyen røper eg ikkje, og prisen blir valfri frå 50 kroner og opp, seier Gunnar Nagell Dahl.

Han skal sjølv laga og servera mat under arrangementet, og har fått med seg Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard til å vera auksjonarius.

– Vi har fått sponsa mange fine varer frå ulike butikkar, og har plass til fleire. Auksjonen kjem nok til å bli både god og underhaldande.

Dei som har besøkt Haaheim Gard, eller møtt Torstein i festleg lag, veit at anten ler du av vitsane hans, ellers så ler du av at han ler av sine eigne vitsar.

– Vi er ikkje bekymra for om han får selt varene eller ikkje, men vi er litt urolege for kva han kjem til å lira av seg i løpet av auksjonen, seier Gunnar og ler.

Rørande støtte av sambygdingar

Det er ein munter gjeng vi møtte på torget i dag, men det er ikkje berre på gøy at venegjengen lager dette arrangement.

– For det første har fleire av oss sete i styret i Osøren saman, og vi hadde alltid arrangement på dagtid. Men viktigast er det at vi ønskjer å støtta Hans Bjørn, som var med oss som økonomisjef, og som styrte Osøren ut i null då vi la ned festivalen, sitt arbeid i Moldova.

I fjor blei Hans Bjørn Bakketeig slått til «Riddar av første klasse» av Den Kongelege Norske Fortjenesteorden.

Same år var det premiere på filmen om korleis Bakketeig har hjelpt svaksynte i Moldova, og ved å gje eit betre syn til 10.000 unge og vaksne, skapt eit løft for heile samfunnet i landet, som frå før ikkje hadde ein einaste optiker.

I fjor hamna Hjelp Moldova òg i akutt pengenød.

– Støtta frå UD skulle forsvinna, men dei heldt den oppe eit år til, altså ut året i år, fortel Hans Bjørn.

Han seier organisasjonen leiter med lupe etter andre europeiske støtteordningar som kan hjelpa dei å sikra god drift også i åra som kjem.

– Vi skulle gjerne ha drive nokre år til, fått fullført jobben med å gjera dei meir sjølvstendige. No held vi på å utdanna andre kull med optikarar i Moldova, i tillegg er det mange fleire som kan og bør få hjelp.

– Eg er veldig takksam for dette lokale initiativet! Mange av dei som gir fast frå månad til månad, og som donerer bursdagen sin til Hjelp Moldova via Facebook, er osingar. Denne støtta av sambygdingane er rørande å oppleva, synest Hans Bjørn.

William Lindborg i Os Sentrumsforening er glad for initiativet, og seier at om tiltaket blir vellykka, så kan det bli ein tradisjon.

Arrangementet startar klokka 12 og varer til minst klokka 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.