Politi | 07. sep. 2021

MC-uhell førte til kø på Osveien

Det blei opna for normal trafikk klokka 08, men ser framleis ut til å gå seint.

MC-uhell førte til kø på Osveien
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. sep. 2021 06:17

Det blei stopp i trafikken mellom Os og Bergen på E39 Osveien tysdag morgon.

Vegtrafikksentralen varsla om MC-uhell i «Melkesvingen» på bysida av Vallaheiane klokka 07.35.

– Førar er vaken og bevisst. Det er ein del trafikale problem på staden, opplyste Vest politidistrikt.

Vegen opna for normal trafikk igjen klokka 08, men klokka 08.15 var det framleis saktegåande trafikk frå Os-sida av Vallaheine og over toppen.

Også frå Fanahammaren mot Lagunen er det tett med trafikk, ifølgje Google Maps si trafikkovervaking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.