Lokal | 19. sep. 2020

MC-førar til sjukehus med luftambulanse

Nødetatane rykte ut til Skeie laurdag kveld.

MC-førar til sjukehus med luftambulanse
MC-førar blei frakta til Hagavik Hjemmebakeri, der luftambulansen venta. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. sep. 2020 18:18

Laurdag klokka 19.42 kom det melding om MC-ulykke i Skeisstøa.

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut.

– Førar blir kontrollert av ambulansepersonell på staden. Skadeomfang er foreløpig ukjent, fortel politiet via Twitter.

Det var ein forbipasserande som meldte ifrå om MC i grøfta.

– Den skadde er ein mann i 50-åra, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Midtsiden.

Luftambulanse blei òg tilkalt, og landa på Grindevoll etter kort tid.

– Mannen var bevisst etter ulykka. Han er no frakta til sjukehus med helikopter.

Andre køyretøy skal ikkje vera involvert.

OPPDATERT: MC-førar er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Han har ikkje førarkort på verken motorsykkel eller bil.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.