Lokal | 01. nov. 2019

MC-ulykke på Strøno

Mann henta i ambulanse i Nordstrøno.

MC-ulykke på Strøno
Politiet gjer undersøkingar på staden etter mc-ulykke i Nordstrøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. nov. 2019 17:33

Fredag litt før klokka 17 kom det melding om MC-ulykke på Strønevegen.

– Då vi kom til staden var helsepersonell på plass. MC-førar var bevisst og fekk hjelp på staden før han blei frakta vekk i ambulanse, fortel politiet.

Førar er ein ung mann. Han blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus.

Skadeomfang er uvisst, men han skal ha hatt smerter i ei skulder.

Singelulykke

Ulykka skjedde nær krysset mellom Strønevegen og Lønnevågvegen.

– Det var ingen andre køyretøy involvert. Førar hadde heller ikkje passasjer på sykkelen.

Politiet gjer undersøkingar på staden. Dei fekk ikkje tatt forklaring frå førar, og det er uvisst kva som var årsaka til ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.