Lokal | 16. sep. 2020

MC-ulykke ved Osbadet

Nødetatane rykker ut til Idrettsvegen.

MC-ulykke ved Osbadet
Politi og ambulanse er på staden. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2020 11:27

Politi og ambulanse er på veg til Idrettsvegen etter melding om ei trafikkulykke nær Osbadet.

– Ein lett MC har køyrd i ein fjellvegg, opplyser politiet via Twitter.

Førar, ei jente i tenåra, er bevisst og vaken. Skadeomfang er foreløpig ukjent.

– MC-førar var åleine på sykkelen. Ho køyrde i grøfta og hamna vidare inn i fjellveggen.

– Førar fekk hovudet i ein stein, men hadde hjelm på. Ho blir no undersøkt av lege på staden, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

OPPDATERT: Jenta skal ha forklart at ho ikkje klarte svingen. Det er ikkje tatt beslag i førarkortet hennar. Jenta blei køyrd til legevakt for sjekk.

(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.