– Me har full kontroll, påstår festivalsjefen

Årets Tysnesfest har starta bra.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. juli 2018 17:42

Bildeserie:

Osingen Olav Skorpen (t.v.) var med på å skapa stemning.
Midthordland køyrer folk mellom Os og Tysnesfest.
Dei er ikkje dei einaste.
Torsdag var det konsert på Tysnessåta.
2400 turgåarar møtte fram.
Bigbang leverte.
Same dag blei Podtellet lansert.
Andre overnattar i over 250 båtar i hamna.
Fredag og laurdag er det marknadsdagar.
Bergen Marinesenter på plass med båtutstilling.
Full terasse på Mandehuset.
Osingen Olav Skorpen (t.v.) var med på å skapa stemning.
Midthordland køyrer folk mellom Os og Tysnesfest.
1 av 11
Midthordland køyrer folk mellom Os og Tysnesfest.
Dei er ikkje dei einaste.
Torsdag var det konsert på Tysnessåta.
2400 turgåarar møtte fram.
Bigbang leverte.
Same dag blei Podtellet lansert.
Andre overnattar i over 250 båtar i hamna.
Fredag og laurdag er det marknadsdagar.
Bergen Marinesenter på plass med båtutstilling.
Full terasse på Mandehuset.
Osingen Olav Skorpen (t.v.) var med på å skapa stemning.

Onsdag var første festivaldag, torsdag var første kveld med konsertar på hovudarenaen på Gjerstad og fredag på dagen heldt fram med opning av marknadsdagane og start på årets kassabilløp (sjå video).

– Ting har aldri gått så på skjener som i år, seier festivalsjef Sigvard Madsen.

• Les òg: Tysnesfest - to dagar før start

2400 turgåarar fekk med seg konserten med Bigbang på Tysnessåta torsdag, på kvelden spelte blant andre Bigbang, amerikanske Lissie og OnkelP på Gjerstad.

– Eg har ikkje tal på kor mange båtar det er i hamna, men onsdag hadde vi passert 250 som hadde kjøpt plass til båten sin, og torsdag og fredag siger det godt på med fleire, seier Madsen.

Torsdag var det offisiell lansering av Podtown, den nye, kompakte overnattingløysinga som har sin debut under Tysnesfest.

– Dette ser ut til å fungera strålande! Dei første 100 var fullbooka, og då Podtown klarte å skaffe 70 plassar til så fekk vi gjestar i desse òg. Vi kunne visst fylt 500 plassar, og dei eg har snakka med har søve godt, seier Sigvard.

I skrivande stund er Ausekarane i gang i Bermudateltet, mens desse skal på scenen på Gjerstad arena i kveld: I am K, Trang Fødsel, Susanne Sundfør, Miss Tati, Sushi X Kobe og The Prodigy.

Tysnesfest varer til og med søndag. Her er delar av programmet for dei to siste dagane:

Laurdag
• Marknadsdag, utstilling av veteranbilar, helikopterturar og sykkelshow.
• Ta sjansen i Våge hamn. Teaterframsyning av Aladdin (Nye Fyllingsdalen Teater)
• Dagtidkonsert med Morgan Sulele og Kyle Alessandro på lekteren i hamna.
• Gjerstad arena byr på: Derin, Lucky Chops, Dagny, Hellbillies, Sondre Justad, Gåte og Alan Walker

Søndag
• Dagen-derpå-gudsteneste
• Guida busstur
• Konsert med Ingebjørg Bratland (sjukeheim og kyrkje)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.