Lokal | 10. juni 2018

– Me skal sjekka damer og banka fotballspelarar

Os hamn under Vognhall-konserten: Fire båtar frå Austevoll, ein av dei med Røkke-historikk, gjesta Os i går.

– Me skal sjekka damer og banka fotballspelarar
Håkon, Christian, Marius, Torstein og Ole var blant gjestane som kom i fire båtar frå Austevoll til Os i går. (Foto: Kjetil VAsby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juni 2018 08:07

Bildeserie:

Os hamn laurdag i 21.30-tida. (Foto: KVB)
Os hamn laurdag i 21.30-tida. (Foto: KVB)
– Vi har vore i båten sidan klokka 15, men skal snart på konsert! (Foto: KVB)
– Vi har vore i båten sidan klokka 15, men skal snart på konsert! (Foto: KVB)
Fleire andre hadde ambisjonar om å koma seg i Vognhallen før Rotlaus gjekk på scenen. (Foto: KVB)
Fleire andre hadde ambisjonar om å koma seg i Vognhallen før Rotlaus gjekk på scenen. (Foto: KVB)
Dette skal vera Røkke sin tidlegare båt, «Celina Bella». (Foto: KVB)
Dette skal vera Røkke sin tidlegare båt, «Celina Bella». (Foto: KVB)
Utanfor essoen var det god stemnning på lågare budsjett. (Foto: KVB)
Utanfor essoen var det god stemnning på lågare budsjett. (Foto: KVB)
– Her har vi alt vi treng, sa gjengen, og viste kor dansegolvet var. (Foto: KVB)
– Her har vi alt vi treng, sa gjengen, og viste kor dansegolvet var. (Foto: KVB)
I mellomtida hadde austevollingane kome seg inn på konserten. (Foto: KVB)
I mellomtida hadde austevollingane kome seg inn på konserten. (Foto: KVB)
1 av 7

Klokka 19 laurdag opna konsertområdet i og ved Vognhallen.

Over halvparten av dei som hadde kjøpt billettar online er frå plassar utanfor Os, og gjestane kom med både bubil og båt.

Ambisjonane og forventningane var på topp hos enkelte av dei:

– Me er fire båtar frå Austevoll. Me skal sjekka damer og banka fotballspelarar, Marius Mikkelsen, Frode Storebø og Alexander Dale ligg tynt an i kveld, seier ein kameratgjeng spøkefullt om dei tre austevollingane som speler for Os og er motstandar med moderklubben i serien.

Ole, Torstein, Christian, Marius og Håkon gler seg til å oppleva Rotlaus.

– Det er ei dårleg hamn i Os, det er bra at den skal skjermast for bølgjer. Men det er mykje lettlurde damer her og ein kjekk plass å festa! seier gutane frå nabokommunen i vest.

Båten som avslørte Røkke

Det kom greit med båtar til Os laurdag kveld. Då konserten starta låg det båtar utanpå kvarandre på begge sider av hamna.

Ein av dei skal vera båtan Kjell Inge Røkke i si tid køyrde på land med, uhellet som førte til avsløringa om Røkke sin snarveg til Kystskipper-sertifikat. Den 60 fot lange Sunseekeren, som då heitte «Celina Bella», er totalrenovert og skal no vera eigd av ein austevolling.

Sjå bildeserie frå konserten

Ikkje alle kom seg ut av båtane før første band gjekk på scenen.

– Me har vore i båten sidan klokka 15. Det er ikkje så nøye kven som speler konsert, det blir kjekt med litt bygdemusikk uansett.

Politibåten «Kjølen» var i Os hamn i 21-tida, men seig ut i fjorden før klokka 22.

Høg komfort på lågt budsjett

Mens austevollingane ankom med stil hadde ein ungdomsgjeng frå Os rigga seg til på lågare budsjett, men med høg komfortfaktor mellom Esso og festivalområdet.

Ei god sofagruppe på lasteplanet på ein traktor gjorde susen. Levegg var av paller, musikken kom frå ein monsteranlegg i ein van som sto på parkeringsplassen ved sidan av.

– Her har vi alt vi treng, sa ungdomane før dei tok ein dans på taket på Chevroleten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.