Kultur | 30. mars 2010

Med 50% kvinner

Os Rockeklubb har fått nytt styre. - Vi har blitt så moderne at det var på sin plass med jamn fordeling, seier Kjetil Grønvigh.

Med 50% kvinner
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. mars 2010 09:41

Sundag var det årsmøte i Os Rockeklubb, der setjing av nytt styre var viktigaste punkt på programmet.

- Når vi har gått frå å vera nokre skumle folk som høyrer på hard musikk, til ein klubb som et blautis med kultursjefen og ordføraren, så er vi også moderne nok til å ha 50 prosent kvinnedel, fleipar Kjetil Grønvigh.

Sett utanfrå
Medan Grønvigh og Kjell Engelsen Moberg i praksis har utgjort styret dei siste åra, var Kjetil no bestemt på å få fleire hovud inn i leiinga av klubben.

Det nye styret består av: Lars Ole Lunde, Even Hjertaas, Kjetil Grønvigh, Espen Iversen, Linda Johannessen, Hilde Moberg, Kine Hilseth Aga og Aina Særvold Sælen. Lars Ole og jentene er ikkje musikarar.

- Vi er tent med eit meir aktivt styre, og med representantar som ikkje sjølv spelar i band, nokon som ser oss utanfrå og seier «hei, det der er teit» om vi garva rockarar er på feil spor.

Minst éin representant frå kvart band, til saman over 20 medlemmar, stilte på årsmøtet. Grønvigh blei gjenvalt som leiar, Moberg stilte ikkje til gjenval, så han er plassert «i eit horn på veggen».

Kjenner styrken
Kjetil fortel at han hadde utfordra nokre av representantane til å stilla til val.

- Dette er folk som er glade i rock og engasjerte for framtida til rockeklubben. Fargerike personar med sterke meiningar.

Dei sterke meiningane kjenner både han og andre frå rockemiljøet i Os truleg godt til. Tre av jentene er nemleg sambuarar med rockarar, Kine er gift med Kjetil sin bandkompis Raymond, Hilde er Espen Hjertaas sin sambuar og Aina, som blei valt til nestleiar, deler tak og postkasse med Kjetil.

Fyller 30 år
Det blei i hovudsak nytt styre som var tema på årsmøtet, men litt idédugnad og innspel frå medlemmane blei det også. Os Rockeklubb fyller nemleg 30 år i år, noko som ikkje kjem til å gå stille for seg.

- Det blir nokre markeringar i løpet av året, både internt for medlemmar og som andre kan ha glede av, lovar Grønvigh, so førebels ikkje vil ut med nokre av ideane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.