ORBO og Steinar Albrigtsen i Ole sitt studio i Os torsdag. (Privat foto)
ORBO og Steinar Albrigtsen i Ole sitt studio i Os torsdag. (Privat foto)

Med Albrigtsen i studio

Torsdag var Steinar Albrigtsen i Os for å spela inn duett med ORBO.

Kjetil Vasby Bruarøy
07. desember 2012 - 15:52

8. mars 2013 kjem ORBO med ny plate, "Steingard" - hans første album på norsk. I november fekk vi ein forsmak, då Ole Reinert Berg-Olsen kom med "Heim til Os".

Les òg: ORBO med song til Os (med video frå urframføringa)

I går spelte han inn nok ei låt, i Ole sitt studio i Os, ein duett med den kjente norske artisten Steinar Albrigtsen.

– Ei av låtane til albumet heiter "Midnattsol". Då eg sat og skulle spela inn låta så tenkte eg; her hadde det passa med stemma til Steinar Albrigtsen, som i tillegg er frå Tromsø , ein plass der midnattsola skin, fortel Ole.

Ein god idé?

ORBO kjenner Albrigtsen frå før. Dei har spelt på same festivalar fleire gongar og var blant anna saman på NRK-programmet Beat for Beat hausten 2007.

– Vi har blitt ganske gode venar og då eg ringte han med forslag om duett så viste han meg stor musikalsk tillit.

– "Om du synes det er ein god idé så er det nok ein god idé", svarte han, og reiste til Os før han hadde høyrt låta, fortel ORBO..

– Utruleg kult

Steinar kom til Os med sambuaren Monika Nordli, som sjølv er aktuell med låta "Skammens stein". Nordli korar på "Midnattsol".

– Ho er ein fantastisk vokalist, folk bør skaffa seg låta hennar, seier Ole.

Han føler seg heldig som har fått Albrigtsen med på plata.

– For det første er han så rutinert og så ikonisk, då vi høyrte stemma hans i studio sa det berre pang! For det andre er han ein travel mann, etter jobbing i studio og middag reiste han vidare til Oslo og i morgon står Korslaget på TV2 for tur.

"Må helsa til Reinhardt"

Steinar og ORBO har også snakka om å gjera nokre konsertar saman.

– I så fall står Os øvst på lista over stadar, forsikrar ORBO.

Steinar Albrigtsen har spelt i Os nokre gongar tidlegare, blant anna med Jørn Hoel i Fjellheim under Osøren Blues og Jazzfestival, og på Madam Ane på 80-talet.

– Steinar bad meg faktisk å helsa til Reinhardt Østrem (som eigde og dreiv Madam Ane og Madammen, red anm).

ORBO fortel at plata byrjar å bli ferdig og at den skal miksast i romjula.

 

Les meir om

Kultur Artistar ORBO