Kultur | 06. mai 2011

Med The Boys til Spania

Eit av verdas første punkrockband, The Boys frå London, skal på miniturné til Spania om to veker. Med seg har dei trommespelaren Magne Lunde frå Os.

Med The Boys til Spania
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2011 08:53

Magne Johan Lunde har vore profesjonell trommespelar i 43 år, vunne Europatoppen med Saft (1971) spelt inn 154 album og fått ei lang rekkje gullplater og spellemannsprisar.

I Noreg har han spelt med artistar som Jahn Teigen, Knudsen og Ludvigsen, Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum, likevel er han smigra over telefonen han fekk frå England påskeaftan.

– «Are you available?» spurte Matt. Det er jo ikkje så verst at dei ringer ein nesten 60 år gamal trommespelar frå Os når dei treng hjelp, ler ein oppglødd Magne Lunde.

17. mai set han seg på flyet til London, 18. mai går turen vidare til Spania, der han og The Boys skal spela konsert i Valencia 19. mai, Barcelona 20. mai og Bergara, nabobyen til Bilbao nær nordkysten og grensa til Frankrike, 21. mai.

– Det einaste vi rekk blir å ta oss ei øl på ein pub og snakka om gamledagar. Og så må eg heilt sikkert kjøpa meg eit par sko i Spania, eg er veldig glad i blanke, spisse sko, skjønner du.

«Treng vi å øva?»

Lunde var i studio med The Boys-vokalist Matt Dangerfield (eg. Walker) tidleg på 80-talet. Den gong med bandet Single Mirrows. Resultatet er blant albuma Lunde er mest nøgd med.

– Matt følgte opp med spørsmålet «Do we need to rehearse?», sjølv om han visste at det ikkje blir tid til noko øving.

The Boys hugsar tydelegvis kva Magne er god for og stoler på at han har halde seg i form. Trommespelaren frå Os måtte nøya seg med å få tilsendt eit LIVE-opptak frå ein konsert The Boys hadde i Buenos Aires 14. april i år.

Her kan du sjå videoklipp frå konserten i Buenos Aires

– Sidan har eg lytta, skrive noter og førebudd meg ut frå det eg har fått tilsendt. Det skal bli spennande å gå på scenen i Valencia 19. mai, utan eit minutt med øving saman med bandet.

Heltar frå 70-talet

Casino Steel (trønderen Stein Groven), som flytta til England på 70-talet, var i 1976 med å starta The Boys. The Boys var eit av dei første punkrockbanda i verda og var eit av dei aller viktigaste namna innan britisk new wave.

The Boys er framleis aktive og Casino Steel er framleis med i bandet. Dei andre medlemmane heiter Matt Dangerfield (vokal, gitar), Duncan "Kid" Reid (bass, vokal) og Honest John Plain (gitar, vokal. Steel, som i Noreg er best kjent for låta Ruby, som han spelte inn saman med Gary Holton, speler piano og syng.

Les meir om The Boys på theboys.co.uk, Wikipedia og på Rockman

Held seg skarp med instruksjon

Sjølv om han blir kasta i det og sjølv om han veit at han blir nervøs, konsentrert og nærmast går inn i ein transe før konsert, så verkar Magne Lunde trygg på at han kjem til å gjera ein god jobb for The Boys i Spania.

– Eg held meg i form, mykje takka vera jobben min på Os kulturskule.

Ungane er heldige som har ein trommespelar av eit slikt kaliber til å instruera seg, samstundes er Lunde heldig som har dei unge til å halda seg skarp.

– Nokre er talent, dei gjev meg sjølvsagt inspirasjon. Men eg lærer frå meg med same iver til alle, alle kan bli betre enn kva dei er før dei kjem inn i klasserommet til meg, seier Magne Lunde, knappe to veker før avreise til London og Spania.

Bildeserie og video:
Sjå trommesolo og avduking av Lunde-portrett

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.