Sport | 11. sep. 2018

Med foten på rette staden

Vann NM-bronse: Jonatan Brekke (15) triksa seg inn på pallen.

Med foten på rette staden
Jonatan Brekke trener 4-5 dagar i veka utanfor garasjen heime på Hjelle. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 11. sep. 2018 13:15

Bildeserie:

Jonatan (t.v.) og resten av pallen - posta på Instagram.
Jonatan (t.v.) og resten av pallen - posta på Instagram.
1 av 1
Jonatan (t.v.) og resten av pallen - posta på Instagram.

Bur du på Hjelle kan du ofte høyra lyden av ein ball som vert pakka i timesvis. Går du etter lyden finn du Jonatan Brekke på trening. Framfor garasjen.

Førre helg var Jonatan med i NM i freestyle-fotball. Timane framfor garasjen vart belønna med ein tredjeplass.

Battles og Challenge

I NM freestyle-fotball tevla Jonatan i to greiner; Battles og Challenge.

– I «battles» konkurrerer du ein-til-ein mot ein annan deltakar, fortel Jonatan.

Her får begge deltakarane dei same triksa å utføra, og har 3 x 30 sekund kvar på seg til å utføra desse. Litt som ein god gamaldags duell. Når desse tre omgangane er ferdige er det dommarane som bestemmer kven som er vinnar og går vidare.

– Eg deltok i NM 2017 òg, då berre i battles. Då vart eg nummer 13, i år vart det ein 11. plass, noko eg er godt nøgd med.

Det var uansett i greina «challenge» Jonatan hadde sete seg mål om ei god plassering.

– Vi fekk veta triksa og kombinasjonane omtrent to veker på førehand. Det heile må samstundes gjerast på tid. Av totalt 15 triks og kombinasjonar klarte eg 12 før eg rauk ut.

Vinnaren av årets NM, Adrian Krogh, kom til meisterskapen i Oslo med ein fersk førsteplass frå VM i Praha i bagasjen.

Dedikert ungdom med dedikert far

Sjølv om pappa Børge Brekke spøkefullt seier «han har alt frå meg», er det tydeleg at far er med i planane til sonen.

Jonatan har eit heilt konkret mål. Han skal bli verdsmeister.

– Eg trener på det meste 4-5 gongar i veka, minst ein time kvar gong. Eg har god støtte frå dei heime, og håper eg får moglegheita til å dra på treningsleir i Danmark til vinteren.

– Fleire av dei eg har konkurrert mot har dette som jobb. Nett no kunne eg trengt nokre sponsorar, sånn at eg kunne hatt ein reisekasse å ta av. Kanskje det finst nokre fotballinteresserte bedriftsleiarar i Os som ville hatt logoen sin på drakta mi i eit VM, undrar Jonatan seg.

Aksnes til EM

Freestyle-fotball er ein smal sport, men trekk store publikumsmengder og har mange følgjarar på sosiale media.

Noregsmeisterskapen gjekk til dømes live på Instagram, og Jonatan har naturlegvis sein eigen profil, @jonatanfreestyler, å dela triksa på.

I tillegg til Jonatan Brekke deltok Sondre Ødegård Aksnes frå Os i noregmeisterskapen.

– Det gjekk heilt greit. Eg er ikkje nøgd med eigen innsats, men klarte 10. plass.

– No er det trening fram til EM i Berlin neste månad, seier Sondre Aksnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.