Lokal | 26. sep. 2015

Med god bagasje til Kos

I dag reiste desse elevane på skuletur - med flyktingehjelp med på lasset.

Med god bagasje til Kos
Stine, Maren, Leon og Henrik på Flesland laurdag morgon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. sep. 2015 09:26

Fire elevar og to lærarar frå Os vgs reiste i dag til Kos, i utgangspunktet for å læra om trygg bruk av internett, men med ekstra god bagasje med på turen.

Les òg: Gjev flyktningehjelp på skuletur

– Allereie på planleggingsmøtet i Polen i juni var det oppe til diskusjon om det var noko vi kunne gjera for å hjelpa, sa Mona Stigen Heggeland, som saman med Tone Hadler-Olsen er dei to lærarane frå Os vgs som er med i SIFA-prosjektet, til Midtsiden tidlegare i veka.

Fleire privatpersonar har gjeve soveposar, tepper, bagar, ryggsekkar og sko. Desse skal delast ut til flyktingemottak på Kos, der fleire frå Syria har kome med båt frå Tyrkia.

– Sponsorane har vore veldig viktig, vi har fått mykje frå Europris, T Moberg Sko og MX Sport, fortel Mona, som i dag sette seg på flyet med bagasje i overvekt, ei overvekt som Star Tour spanderte.

Elevane som er med på turen er Henrik Vågen, Leon Lorentzen, Maren Heimro Berg og Stine Engelsen Tveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.