Lokal | 24. mai 2012

Med godt nytt om Ervikane

Staten tar rekninga: Åge Landro hos BOF fekk ein hyggeleg telefon i dag.

Med godt nytt om Ervikane
Åge Landro, leiar i BOF. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mai 2012 12:49

Bergen og omland friluftsråd (BOF) har fått muntleg stadfesta at staten tar rekninga med å sikra Ervikane, Vetlaneset og Oksabåsen.

– Vi søkte DN om midlar, og det får vi. Eg fekk dette stadfesta på telefon i dag og i går.

– Grepa vi gjorde saman med Os kommune blei krona med suksess, seier leiar i BOF, Åge Landro.

Dei tre populære friluftsområda i Os sto i fare for å bli selt på den opne marknaden, men i februar og mars tok BOF saman med Os kommune grep.

– Området blir no sikra og staten tar rekninga. Det er takka vera måten ordføraren i Os tok imot meg på, Terje Søviknes ktok meg på alvor, la fram ein plan og det fungerte, seier Landro nøgd.

Les òg: – Ervikane blir redda

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.